Sætermaanaden.
Vaaronni er fraa seg gjord heime, dei sette Jordepli i Gaar og i Dag har Gamle-Per byrja aa rydja Jorde, legg upp at og vøler um Hesjerne, rakar saman i Smaahaugar Stein, Kvist og Rask han mokar i Trillebaara og trillar ut i Elvefyro. I Aakerreinom og alle Stadar det er Tad i Jordi, er Marki vorte vakker og jamngrøn. Utmarki held seg graa enno og Vaargroen strævar med aa trengje seg upp gjenom Daufonni, men det gaar smaatt solenge det ikje kjem ei Bløyte med godt Regn — etter det røyter Marki svint Hausthamen av seg. Krøturi finn forr lite aa eta enno, dei strendar att og fram gjenom Hamnlykkjune og Utmarki, heng umkring Jordes-Hafellune og leitar etter Tak til aa brote seg innpaa. Sauhopar fraa alle Leidir kjem farande, smyg Hafella og bit seg fast som Flotten i beste Grasreinom — det er eit Mas Dagen igjenom med aa halde Jorde fritt for Krøtur no ei Tid, til det vert Skikk paa di med Gjeslom i Grendi. Alle Stadir, kvar du ferdast utan-gjerdes i Grendi, raakar du Krøtur som leitar og leitar etter noko aa stille Svolten med; paa dei meste syner det, at Vaaren har vori hard, baade paa Baasen og etter dei lout ut — dei er tome som dei var skylte, Beinknokane spriker ut i Vere, store og haarlause, og mange ser ut som Beingrindir. Enno er ikje Nødi slutt, for det er lite anna aa finne hell Daufonn og fiorgamalt Lauv — i ein og annan Solhallen kan dei finne einkvar Vaargroen som er skoti upp fram med Steinar, Kjerrir og