— 119 —
„Almuevennen“ og „Adressebladet“ vart verande heime i 7 Aar
i Rad og hadde med seg mangei Hugnadstund; han kom som med
ein Solglytt yvi det einslungne Live, kvar Gong han kom farande,
og baud oss eit Byte paa i det daglege, skifteslause Traakke. Men
det var ikje saa endefram aa faa Post til-husane i Grendi da, som
det sidan er vorti. „Almuevennen“ kom no berre ein Gong for
Vika og Posten kom hellerikje oftare inn i Bygdi; men for oss som
budde halvannor gamall Mil fraa Posthuse, var det aa faa Bladi
med Sendehøve og Aatleidir som fall, og da var det godt og vel
naar me fekk deim so ein Gong kvart Fjortan-Dagar. Jemt saag
dei ikje just fjelge ut etter Rekingi manna-millom heller, naar dei
til Slutt naadde fram. Um Lintren var det ofte Morka-Kjørarar
som bar med seg Bladi vore, og meir hell ein Gong stod eg og
glande nordetter Isen, um det ikje skulde koma ein Høykjørar eller
Vedkjørar med deim.
Den, som ikje sjøl har upplivt det, har ikje no lett for aa skjøne kor mykje godt gamle Christian Johnsen gjorde med Blade sit uppi dei avstengde Fjellbygdom; han var ein Saamann som fortener ærleg ikje aa verta gløymd millom det norske Bondefolke. Med Bladom sine, Tillegsbøkom og andre Bøker han gav ut, spreidde han meire Kunnskapar og Upplysning ut yvi Lande, hell dei fleste har tenkt seg, for han hadde eit sers Næme til aa skrive greit og skjønelegt for Bondefolk. Christian Johnsen var ein Reidningsmann som har vore med aa brøytt upp Veg for dei Framstig, som er gjorde i den siste Mannsaldren. Og det skal Mannen ha Ære og Vyrdnad for i si Grav.