Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/122

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 118 —

Gagn av Bladom, men det meste var no likevel, at dei fyllte meir hell eitt tomt Hol som ikje Skulen, slik som han da var, orka aa fylle — dei vart for mange fleir hell meg til ein Umfram-Skule, liksom, og dei gjekk ikje ein annan i Vegen.

Men ein einaste Gong volda „Almuevennen“ at eg skulka fraa Skulen ein Dag. Det var ein bitande kald Morgon i Midten av Januar 1864 eg stod paa Golve med Skreppa paa Ryggen, ferdig til aa leggje iveg. Gjenom Høgsetglase saag eg ein Høykjørar fraa Lalm kasta seg av Sleden ute paa Isen, og kom uppi Garden med „Almuevennen“ i Handi. Eg møtte Mannen paa Dørhella og tok imot; eg tenkte gaatt inn med dei og lagt deim fraa meg, men eg kunde da sjaa paa Bilæte fyrst, det tok ikje lenger Ridi, det. „Adressebladet“ laag ytst og da eg reiv av Sveipe, fall Augo mine paa „Fredrik den 7des Ligbegjængelse“ og fyrr eg sjøl visste um det, hadde eg lese eit Stykke — jau det hadde nok vori mykje til Likferd dei hadde haldi, lel. — — — „Kl. 12 samledes paa Kristiansborgs Slot det tilsagte Følge paa en lav, sort betrukket Fod med Sølvfryndser stod den gule Egekiste med sine smagfulde Bronseprydelser, smykket ved Hovedenden med de danske Kvinders Egekrans af Guld paa en hvid Silkepude og omgivet af større og mindre Sølvlysestager. Ved hvert Hjørne af Kisten stod en af de fire Kammerjunkere, som i Prosessionen skulde bære Hjørnerne af Ligklædet. — — — — Prosessionen aabnedes af Garden tilhest — — — — den kgl. Ligvogn trukken af 8 sort tildækkede Heste — — —. Ligvognen var betrukken med sort Fløiel og bar en Baldakin, indvendig betrukken med hvid Atlask — — —“, nei, dette vart grummare og grummare til lenger eg kom, og eg kjende meg som tvinga til aa vera med i Likferdi til-endes. Det vart ein kvass men stutt Strid millom Likferdi og Skulen, med Sko-Renna paa Nerli-Hølen og alle Leikbrørne mine, og Likferdi vann: eg gjekk inn att og kjærde meg for, at eg fekk so tverrende illt i Hovude, at eg laut lata Skulen vera og leggje meg. Og lagde meg gjorde eg, men eg laag og las um ong Fredrik den 7des Ligbegjængelse so eg mest fekk Taaror i Augo. Det var baade fyrste og siste Gongen eg fanta meg fraa Skulen, men so fall det ikje paa med fleire slike Likferdir, heller.