Pust lidt i Bakken, Tysker, endnu er ei Krigen endt,
vi haaber at du snarligen skal faa din Næse brændt!
Der find’s vel flere Mand i Nord, som skal staa paa Danmarks Jord,
skal det din Afsked være, at tale slige Ord.
Hug ned den tyske Hund som vil rane vore Sund,
og send den tyske Flaade paa et Tog til Havsens Bund!
Betænk, du tyske Praler, du er vist altfor tryg:
Napoleon man frygter staar færdig bag din Ryg;
Wrangel og von Gablenz[1] kan skride over Grends
at jage nogle Dage den tapre lille Jens —
men om en føie Tid kan Riset færdigt bli:
Rygstykkerne paa Tyskerne skal komme til at svi!
Fremad I norske Gutter, fremad I Gossar blaa!
Kong Carl skal selv os føre, da vil vi Seier faa;
Lord Russels[2] Pennestik vil ikke holde Stik
til Wrangels range Hoved at sætte udi Skik —
derfor vi, Per og Paal, med norske Jern og Staal
maa hjælpe Jens af Vekselen hans Pukler tage maa.
Hurra for Nordens Frihed! Hurra for Nordens Mø!
for dem saa vil vi kjæmpe, ja seire eller dø!
Hurra for skarpe Sverd, for Kamp og Herreferd!
Hurra for den som viser hvad Tyranni er værd!
Hurra for Friheds Tolk, for Kongen og hans Folk!
Hurra for tyske Pukler og den som gir dem Svolk!
Og i Amerika der dreiv dei enno med Borgarkrigen, so det lagdes til, at det var Krig og Mellingar um Krig kvar Gong Bladi kom. Det var reint underlegt, var det, med desse Bladom, det var liksom dei med eitt skulde fløtt Grendi hundrede Mil nærar den store Verdi og fløtt Høbrunine, so heile Grendi vart vidare.
For meg var no Bladi ei stor Visdomskjelde, maa vita, fyrst og framst; men det var ikje nokk med di — da det leid so eg fekk eit grepa Upplag av deim, vart „Almuevennen“ ei gjæv vare paa Skulen og for eit Nommer med eit gjildt Bilæte, kunde eg faa falt mest kva det var Kameratane mine gjekk med av Dyrgrip i Lumma. Soleis var det paa fleire Maatar eg hadde Glede og