Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 8 —


Men grepa var det antell det var Kjørande hell Gangande som foor; soleis var det svært hævt naar det leid so Fe-Karane fraa Lyster bar til aa koma til-bygdar — dei kom altid yvi Sygnefjelle straks etter Trettanhelgi og gjekk att og fram gard-imillom i Bygdom til fram paa Vaarsida. Dei var so audkjende naar dei kom reikande etter Vegen, den eine tett i Hælom paa den andre, du skulde aldri sjaa dei gjekk tvo i Breidd. Stødt hadde dei steinblaae Klædi, Rundtrøye med Sylvknappar, ein litin Tull under Armen og ein Paak i Handi. Naar dei kom i Røde med Far um Fe og Fehandel, Fegjæting i Fjelle, Bymarknad og Byprisar, da lyddest det ikje so for meg, at det kunde vera burtkastande aa vera Fe-Kar heller, um Pelsmannen skulde svindre burt — faa gaa fraa Gard til Gard etter Bygdi med Fe-Maal i Lumma og bjo reide Pengane paa det Fee, Folk heldt falt. Ikje for di, dei var ikje noko Rusk Sauekjøparane fraa Gousdal og Faaberg, heller, naar dei kom uppetter Dalen ved Kyndelsmessleite. Dei var so kverve og lettliva dessa unge Gutane og det var stor Moro aa høyre paa dei sat og rødde um Ferdine sine, naar dei ofte raakast mange av deim heime hjaa oss. Eg tykte stødt eg var liksom meir nærskyld deim hell Lystringom.

Det er Handelen som skapar Samferdsla millom Folk og Handelsfolk av alle Slag var det alltid, som det foor mest av, medan Ferdi varde. Fraa innan-bygdes og uttanbygdes foor Handlarane, selde og kjøpte, kvar Vinter kom det Vossingar, Hallingdølar og Numedølar med digre Kraamskreppur og da vart det liksom stor Høgtid, tykte eg, baade medan dei var i Huse og etterpaa. For lite nytt av eitkvart Slage vart de altid att etter Kraamkaren, sopas Hol fekk eg no stødt paa den gamle Garvaskinn-Pungen hans Far, eg gav meg ikje førr. Naar „Stor-Vossingen“ kom heim i Huse, fekk eg mest Livrhogg førr han vart ferdig til aa opne det A-Beiste han hadde til Skreppe, og breidde utivi Stugu-Borde alle dei Herlegdomane ho gjøymde paa. Eg visste, at ho hadde mangt aa bjo, Storskreppa, og det var fleire hell eg som lysta paa sjaa det, som i henne var, enda dei var ikje so framberleg med di som eg. Som no berre ho Marit hans Paal, Systkinbaane mitt: ho skulde let-so vera like glad um heile Stasen, ho, og fekk det fælt andvint med aa rødja og fjelge i