— 115 —
hug av deim, sa Merkjaren. Det var kannhende noko i dessa, svara Far og so vart det soleis, at naar Merkjaren kom nordi Vaagaamo til Posthuse ein av dei fyrste Dagom, so skulde han skrive etter „Almuevennen“ for eit halvt Aar. Eg sat med Hjarta i Halsen og høyrde paa Røda deira og eg trudde mest ikje det var sannt, at Endelykti vart so god — han var god til aa tala det til, Merkjaren. Men eg tenkjer det var mest for mine Skuld Far tinga Bladi, sjøl venta han visst ikje han skulde vorte so idug til aa lesa deim, som han vart vonoms fyrr.
Paa denne Gjerdi gjekk det til, at „Almuevennen“ kom tilhusane heime, og da fyrste Bladsendingi kom ut i November eit Bil, var det for meg som Joli sjøl hadde komi med same. Og ein Merkingsdag var det au paa sin Vis, for det var den fyrste Avisa, som fann Vegen inn i Grendi. Heime vart „Almuevennen“ ein kjærkomin Gjest fraa fyrste Stundi; det gjekk ikje lang Tidi fyrr Far fann Glasaugo sine og las i Bladom kvar ledig Stund um Dagane, um det so var naar han kurra Maten. Det var no dei nye Hendingane, maa vita, som drog mest til aa byrje med, for det var ikje stort til Strid um Politikken den Tidi. Den einaste, som let so at han tykte Bladi var ei Faanytte, var Gamle-Per, „han gav ein Fa’n i deim“ sa han og gat um, at meir hell det halve i dei var Lygn og „Studenter-Rim“. Difor heldt han seg til Alnakka, hann, og granska Aspektarane, Maaneskifte og Verspaadomane, ho spaadde Ver Alnakka enno. Men elles saag eg Per au hadde Bladi i Hendom av og til, saag paa Bilæti og freista lesa, men det vilde ikje gaa, for Kaste var, han hadde mest aa kalle ikje lært aa lesa inn-i-bok da han voks upp. Kvinnfolki let au um, at det saag ut til, at Bladi kom til aa avlaga heile Huse, men fann eg noko nytt eg tenkte kunde kleie i Øyrom og las høgt um Kveldane, so stadna baade Rokken og Kardane og kvart Ord vart motteki og gjøymt, dei gløymde aa sjaa misstrugne ut di-hell. Etterpaa kunde dei nok segja, at der kom eg med ei god „Ljugar-Histori“ att, men Hugnad i det tykte dei det var, det saag eg.
Dei hadde store Hendingar aa bera Mellingar um Bladi au, den Vintren, stødt og stendigt. I Danmark rasa Krigen med Prøissen og Austrik, og fraa denne Striden for Live som det vetle Lande