Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/118

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 114 —

gripen fekk eg Tak i, medan han var ledig ei Stund, og noko meir forvitnelegt kunde eg ikje raaka fram-i — eg minnest det enno som det skulde henda i Gaar. Det var no Bilæti eg tykte forrmest um og det var sers tvaug av deim som beit seg vel fast, so dei sette seg i Minne for alle Dagar. Det eine var av ein Smaagut i Sveits som skulde leide ein Kalv fraa Sætri ned i Dalen etter ein trong, bratt Fjellstig. Paa Ferdi skapte Kalven seg galin og sette paa gjera Braakast nedetter; best det var foor baade Gut og Kalv lukt ut yvi Hoggbergi, og fanst att livlause, djupt ned-i Avgrunnen. Bilæte skulde syne deim medan dei datt i lause Vere. Andre Bilæte var av tvo Mordarar, ein Tysk heitte Pris og ein Danske Simonsen; disse tvo hadde um Hausten teki Live av ein Fe-Kar som var inne i Kristiania, teki dei Pengane han hadde og kasta Like i Bjorviki. Attaat desse stod det i eitt av „Adressebladom“ ei Melling fraa Heimbygdi, au! — enda det var ei uhugleg Melling, berre, for det var au um ein Mordar og som vart retta paa Gjerningstaden Sumaren etter. Men det var noko sers ved dette for meg, aa sjaa nemnt Bygdi vor eigi paa Prent — dei visste da all Ting, Jordi rundt, derinne i „Kristian“, lel! Aa, den som kunde vori saa velfarin, aa havt „Almuevennen“ og „Adressebladet“ til kvar Tid!

Nokre Vikur fyri dette Gravøle kom det ein ung Timbermerkjar i Huse aat oss fraa ein Kjøpmann paa Vetlhamar; Kjøpmannen hadde Skogdrivt paa mange Stadir i Bygdi, og denne unge Driftshusbonden skulde bu heime for aa styre den Timberdrivti, som var der i Nærleiken. Han hadde enda Handel paa Garden med Sukker, Kaffe og Tobak, Flesk, Ler, Leret og andre Ting som Timberarbeidarane trongde. Denne Mannen fekk høyre eg tala um kor gjild eg tykte „Almuevennen“ var, og sjøl sakna han visst au Bladi i Huse, for han var nok van med aa lesa dei, hann. Jau, da var det ein Kveld han bar til aa telja han Far til aa løyse Bladi for eit Halvaar; Far vilde ha Rett att for den Kostnaden, gat han um — fyrst vilde han no sjøl ha stor Moro og Hugnad av dei um Helgedagane og i dei lange Kveldsetom, „det er rart aa sjaa kva som henda ute i Verdi, ser du, baade innanlands og utanlands“. Og so vilde Bladi vera til stor Gagn for meg som no gjekk i Skulen og stræva med Boki, eg vilde faa baade Kundskap og Lese-