„Almuevennen“.
Fyri 1865 var det ikje eit einaste Hus i Heimegrendi som „heldt Bladi“; Presten og største Gardmannen i Grannegrendi heldt „Morgenbladet“ tilsamen, men imillom dei tvo og den næraste „Bladmannen“ nedetter Dalen var det ei lang gamall Mil. Medan „Trane-Blade“ gjekk hadde han Bestefar halde deim for Moro Skuld og det laag enno att ein heil Aargang heime av deim. Eg saag meir hell ein Gong paa dei stygge Bilæti og Bladi sjølve var so slitne, at dei var i ei Fille vorti; andre Blad hadde eg enno ikje set for Augom.
Vintren 63 og 64 grasserte den „trondemske Halsesjuka“ fælt i Bygdi; Doktar var det ikje nærar ved hell paa Lom og difor fall det av ein Mengde Born og mange, som drog seg til att, fekk Mein etter for heile Live. Tvo Systkin i ein av Grannegardom heime og som eg gjekk samen med paa Skulen Vintren fyrr, dø i Halssjuka og eg fekk vera med Mor i Likferdi etter deim. Da Gravølsfolke kom attende fraa Kyrkjeferdi um Eftan, hadde Per Haugom laant med seg ein heil Grip med „Almuevennar“ og „Adresseblad“ hjaa ein Maagen sin i Vaagaamo, for aa ha noko aa trøyte Tidi med i Lage um det skulde trøngast. Dei hadde alltid slik Lesehug dei Pillarvik-Karane[1]. Denna samen-neste Blad-
- ↑ Pillarvik-Karane, paa Garden Pillarviken; ein av deim var Hans Hanssen Skulmestar og Eventyrforteljar, Treskjerar og ein framifraa gaaverik Mann. Sjaa P. Botten-Hansen i „Illustr. Nyhedsblad“ No. 18, 1863.