Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/116

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 112 —

ho skulde verta brukt til, mange av oss tykte ho hadde ein heller uhugleg Bøv av ei Lik-Kiste. Det var ei Undring og ei Fretting paa oss alle baade store og smaae, men den vart det kvasst Slutt paa, da Skulmestaren kom inn og me skulde byrje Skulen — kvar skunda seg aa finne ein Sess ved dei nye Pultane og sette seg med ihoplagde Hendar og Hjarta øvst i Halsen.

Den nye Skulmestaren var ein Mann paa umkring 30 Aar, ein stø og godvorin Mann, han likna meir eit Bygdemenneskje og hadde ikje det kvasse Uppsyne som Syndmøringen, eller dei kvasse Snuane hans. Det vara ei Viku, fyrr me kom rett i Stell og vart vande med det nye. Den nye Mannen var baade snil og greid og me fekk svint den sama Tiltru aat honom, som me hadde aat Knut. Mangt med Skulen tok denne paa ei annor Gjerd hell me var vande med, men det var stødt soleis, at me liksom kjende paa oss, at so skulde det rettast vera, og det gav oss som so traust Grunn under Beini. Allt fyrste Dagen da Leikartimen kom, og den nye Skulmestaren gav seg med aa lære oss aa slaa Langball, bar mange til aa tru, at me kannhende ikje hadde bytt utor for oss likevel. Den same Kvelden paa Heimferdi var me alle samde um, at det var ein glup Lærar me hadde faatt. Og det fortalde me heime au kvar hjaa seg — og so um allt det nye me hadde faatt og allt det nye me lærde.

Da det leid utetter kom det ei og annor Grendsmenneskja inn paa Skulen aat oss ein Gong imillom — dei hadde Hug til aa sjaa og høyre korleis denne nye Mannen tok det. Etter som det lyddest paa Bornom, var allt vorte so framandt, at det mest ikje var Skule no, lenger. Og kvar Gong det kom nokon soleis, foor dei sama Ferdi dei, som me gjorde fyrste Dagen —: dei vart staa-ande innan Døri og haatta seg mest ikje lenger. Men da sat me og log inn med Pulten. Ingen av deim sa noko, men dei tykte nok, at Skulen hadde vorte so umkumpla og framand, at dei ikje kunde semje seg med honom meir, han høvde ikje inn-i Heimen som han no hadde vorte og difor kom dei tvo til aa liva kvar fyrr seg, til Skade for baae.