Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/115

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 111 —

Dag i Jønsukvika 1865. Presten heldt Eksamen paa Skulestugo og kom med ei Tale aat oss etterpaa; da Presten var ferdig med di og me hadde songi ei Salme, steig Knut fram og gjorde ei liti Skildnadstale. Han tok soleis til-ords, at ettersom han no skulde ende det Arbeide han hadde drivi so lenge og som alltid hadde vore honom ein stor Hugnad, so vilde han no i Skilnaden med oss her i Fjordingen, faa takke oss allesamen for dei gode Stundine me hadde havt med kvarandre paa Skulen. Han vilde seint gløyme oss og no vilde han vonast, at me fekk ein i hans Stad, som skjøna seg betre hell hann paa aa mone oss fram i Kunnskap og allt som godt var. Og mot den, som kom og tok att Arbeide hans, ba han oss um aa vera like so lydige og snille, som me stødt hadde vori imot honom. Tilslut bad han um, at me ikje vilde gløyme honom reint burt, men minnast honom som ein god Ven som vilde oss det beste han visste.

Graaten tok baade han og oss, og da me trengde oss umkring han for aa taka han i Handi til Velfar, var det Tuting paa alle. Presten stod og visste ikje rett korleis han skulde stelle seg, det var kannhende knapt um han hadde tenkt seg, at Knut var so avhalden som det synte seg idag.

Aare etter fekk Knut 20 Daler i Pension og Krinsen ny Lærar, ein Seminarist fraa Jarlsberg. Da Skulen byrja etter Nytaar 1866 var det baade med Otte og Nyfikna me møtte upp fyrste Dagen, for me fekk ein Byks i oss av Syndmøringen den fyrre Vintren. Aa du, aa du, kor umskapt det hadde vorti i Skulestugo vor sidan sist! me vart staa-ande i Døri som klumsa. Borde og Høvlbenken hadde faatt Reisepass og istaden stod 5 lange „Pultar“, som Mannen paa Garden kalla deim. Imillom Glasom paa Tverrveggen stod ein underleg Ting, korkje Skaap eller Kiste, men me skjøna at det var der, den nye Skulmestaren hadde Rome sit. Ein av Gutom som gjekk og las for Presten, hadde høyrt at den rare Koppen kallas Kateder, men Mannen som hadde kjørt han paa Staden, ein Lomvær, kalla han „Træ-Gu’n“ vor. Enno var det meire av nytt: paa Veggjom hekk 5 store Landkort, det var baade av Jordhalvom baae tvo, Europa, Nordlandom og Palæstina og eit Vegg-Kort hadde me ikje set fyrr. Til sides for Katedre hekk ei stor, vid, svart Tavle, kva no