— 110 —
„Betoningen“, at Syndmøringen grein og rista paa det lange Skjegge og saag mest ut til aa faa vondt i Magen. Og so rigjorde han med Punktum, Komma og andre Skiljeteikn so det gjekk rundt for oss og kunde ikje faa inni Hausen korkje Teikni eller Betoningi. Med desse gjekk det ikje meg betre hell med hine, for um dette hadde det ikje vore noko korkje i „Almuevennen“ eller „Adressebladet“. Læsartimen den Dagen vart ei fæl Heto-Rid og meir hell ein av oss gret; da Leikartimen kom var me so modlause og utor Verdi, at ingen baud til aa leike seg.
Etter Kviletimen tok han oss i Diktat og det var au nytt for oss; men det gjekk overlag baade godt og vel, trudde me. Men da han bar til aa rette — jau da vart det anna av! Hadde han rigjort med Skiljeteiknom i Lesetimen, var han tvifald verre no. Og so spurde han um „Ordklasser“ og fortalde um „Substantiv“, „Adjektiver“ og „Verbum“, Ting som me aldri hadde høyrt teki paa Namn her i Verdi fyrr. Det verste av allt var aa faa Grunn i noko han kalla „Subjekt“ og „Prædikat“, ingen av oss kunde faa det inni Hausen. Slike Paafund foor da aldri Knut og øvde med, og me ynskte alle den høglærde Seminaristen so langt attende inn-i Syndmør, som det berre var opi. Um Kvelden da me endelig var sloppi heilskinna utor Kløom hans og var paa Heimveg, tala me sinsmillom um allt det rare me hadde høyrt um Dagen, um „Betoning“, „Ordklasser“, „Subjekt“ og „Prædikat“, og alle bad Vaarherre fri oss fraa denne lang-skjegga Syndmøringen til Skulmestar. „Det tok rennande Overhand kor kvass og hard han var i Augom,“ sa han Paal hans Morbror.
Det letna paa Skulen da han vart burte og da Knut kunde fortelje oss, at han ikje vilde ha Posten, bles me lettare, alle som ein. Men han sette Merke etter seg lel, Seminaristen, for meiner du ikje Knut tok etter honom baade med „Betoning“, med Diktatskriving og mangt av di andre han dreiv so hardt med! Dei største lout lære baade um „Ordklasser“ og „Setningsdele“ um Vintren, Men um Syndmøringen foor sin Veg, visste me alle, at det likevel var siste Aare Knut heldt Skule. — Presten gav seg nok ikje med di, men vilde hava sit fram, hann.
Og so kom den siste Skuledagen hans Knut, ein fin, solvarm