— 109 —
um aa faa hava Knut heretter som fyrr, da dei meinte han heldt Maal baade i Kunnskap og Dugleik elles. Etter di stilna det av for det fyrste og Knut byrja det nye Skuleaare att i 64 som fyrr, men han hadde Otte paa seg av, at han vart ikje gamal i Arbeide, heretter.
So var det ein Dag me sat trygge kvar med sine i Skulen, sume reikna paa Tavle, sume skreiv og Tabel-Ungane stava innmed Skorsteinspipa. Der visste me ikje av, fyrr Døri vart uppleti og ein ung, uttanbygdes Kar i graabrune Vadmaalsklædi kom inn i Stugo, helsa paa Knut og sa Namne sitt. Han var „Seminarist“ fraa Stordøy og Presten vaar hadde skrivi aat honom og bedi han gjera ei Ferd hit, og sjaa paa Skuleposten han Knut hadde. Dette var Ærendi hans. Den unge Syndmøringen hadde stort Heilskjegg, var ein kverv, livleg Kar som me stirde mest Augo or Hausen paa. Men Knut vart so annars ved, at han skolv i Maale og det tok honom ei lang Rid fyrr han vart heilt seg sjøl att. Den unge Seminaristen bar til aa gaa umkring og sjaa paa Skrivebøkane vaare og sidan høyrde han paa me las inn-i-bok. I Lesnaden kom me upp i Landkunna og Knut spurde oss etter eitt og anna, kannhende for aa vise Stordøy-Seminaristen, at me ikje sat i ei djup Hola i Jordi med Skulen her, heller. No var eg den av Skulebornom som var best kjend utanlands, for eg hadde lesi baade „Almuevennen“ og „Adressebladet“ i fem Fjordungsaar, og her galdt det ikje aa stinge Ljose under Skjeppa. Eg kunde soleis fortelja kva største Byen i Verdi kallast og kva den engelske Dronningi heitte og sumt anna, som var spurt um. „Det er ein flink litin Gut, det,“ glatt det utur Syndmøringen. Der sa du visst eitt sannt Ord, tenkte eg, men eg gløymde visst aa gjeva „Almuevennen“ Æra, som Rett hadde vori.
Syndmøringen kom paa Skulen att Dagen etter, au, og da Lesetimen kom tok han oss i Lesnad. Men da fekk me vita av, at me var kome under ein, som hadde lært aa lesa! Me las ikje eit rett Ord aat honom — for det var ikje te-lags aat den Karen um me las kvart eit Ord, som det stod i Boki, utan aa missnemne oss, nei, det var noko han kalla „Betoning“ det var so reint ille for oss med. Me tok upp att Setning for Setning baade fem og seks Vendur, men enda var det so grøtelegt med