Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/112

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 108 —

um den nye Boki med Sinklarsvisa og Skotteslage, „Markje grønast“ og meire til av det, som var baade gamallt og kjendt. Slik Bok fanst det ikje fleir av i Verdi, det var eg viss paa, og eg var ikje sein paa aa syne fram baade Sinklarsvisa og Vaagaa-Visune ette Storm. Far sette paa Glasaugo og bledde i den store Boki, og medan det vara kjende eg Hjarta dunka i Bringa — eg freista aa lesa i Andlete til Far kva Utfalle kunde verta og stod som paa Glør, der eg stod. Men da han um lite sporde ho Mor, um ho hadde Vadmaal til eit Par Snøsokkar liggjande, hadde eg allt nok, og gladare har eg visst aldri vore i Verdi. Um Morgonen hadde eg Vadmaale med meg og den Gongen gløymde eg heilt baade Ulven og Jønndalsfanten.

Og det gjekk som han Knut spaadde, det kom eit anna Liv i Lesnaden paa Skulen da den nye Leseboki kom i Bruk.

I 1863 kom det ny Kapellan i Bygdi og han budde paa Kapellangarden, ikje langt unda Grendi vaar. Den nye Presten var svært vyrk for Skulen, og da han sjøl hadde vore Seminarlærar, tok han seg snart forr med aa røkje etter kva dei dugde til, desse heimelærde Skulmestrane i Bygdi. Og den iduge og lite braahuga Presten raaka nok noko av kvart og vart viss um, at det stod laakt til med Skulen i Bygdi. Knut som hadde Skulekrinsen sin i Grannelage til den nye Presten, fekk han sjølgjevi paa Skulen aat seg jamnan; ha anka ikje just paa Skulearbeide hans, men aa-maala paa, at han trudde Knut helst burde slutte, for no etter den nye Skulelovi trongde Skulen Lærarar som hadde gaatt paa Seminar, sa han. Knut svara, at han no hadde halde Skule i 25 Aar og var glad av Arbeide, so det vilde felle honom tungt aa leggje det ned; og stor Saknad vilde det verta for honom um han med ein Gong skulde misse den Løni, han hadde um Aare Presten kom att um ei Tid og var paa Skulen ein heil Dag; da han gjekk sa han, at Knut sikkert hadde nokk Kunnskapar, „hvis du bare er flittig“, lagde han til. Det var fulla ikje fritt, at einkvar Slarvkjeften hadde vori framme og fortalt um den Ferdesleden og eitkvart anna, Knut kunde fari med i Skuletidi ein og annan Gong.

Da det vart kjendt i Fjordungen at Presten vilde ha ny Skulmestar, skreiv dei meste av Bøndom under paa ein Søknad