— 107 —
plaator. Ein Dag skein det reint over —: ei gamall Kjering kom med Amerikabrev fraa tvo Synir med Portræt av baae, og det, som meire var, dei var med i Borgarkrigen baae tvo! For oss kunde det ikje vore større Hende um han „Gamle Napolion“, som me hadde høyrt mykje gjete, hadde synt seg for oss. Me kunde ikje skjøna oss paa Mori, som kunde taka dette baade so rolegt og kvardagslegt som ho gjorde; ho bad Skulmestaren skrive slikt, han sjøl tykte var høvelegt og da Breve var ferdigt, fann ho upp ei halv Aln Tobak Knut fekk for Brye. Men allt slikt som fall inn i Skuletidi, gav oss ei kjærkomi Lise i det einslungne Stræve.
Nei so var det ein Morgon eg kom paa Skulen det hadde henda oss noko framifraa — eg saag det lout vera noko ser-um Lag med det same eg kom i Døri, Knut var i slikt Godlag at det skein av honom all upp — han var no ikje alle Tidir ved godt Møli han, heller, maa vita. Jau, det laag ein stor Dunge med nye Bøkar paa Skuleborde, tunne og tjukke um ein annan, nokre so digre mest som ein Postil. Knut peikte paa alle Bøkane og fortalde meg, at det var nye Lesebøkar „Sjølpresten“ hadde senda, „og no skal det verta anna av med Lesnaden vaar, skal dykk høyre,“ sa han og saag paa oss yvi Glasaugo. Det var „Jensens Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet“ som var komi og Knut bad oss sjaa paa dei og glytte paa Lesnaden.
Nei, men slik Bok! — fann eg ikje der „Sinklarsvisa“ og eit Stykke um „Skotterne ved Kringen“! Og der var „Markje grønast, Snjogen braana“ og „Oss ha gjort kaa gjerast skulde“, au! Nei, du store min, at dei skulde kjenne dei Visune, au, dei som gjerer Bøkar! Det vart mest forr mykje dette paa ein Gong — me stunda mest ihel oss til Lesartimen kom og me tok imot dei nye Bøkom so varleg, som dei skulde vori av Glas, da „Skulin“ bytte deim ut millom oss ved Borde. Da me slapp sa Knut, at han hadde nokre av dei nye Bøkom med alle tri „Trin“ i eitt Band til sals, og disom dei heime vilde eg skulde kjøpe ei, fekk eg spørja ho Mor, um ho hadde Vadmaal til eit Snøsokk-Emne aa yte, so skulde han byte i Leseboki — eg fekk taka Boki med, so Far fekk sjaa ho.
Eg sprang kvart eit Stig av Vegen heim att um Kvelden og hadde ikje faatt Døri att etter meg, fyrr eg bar til aa leggje ut