— 106 —
Skulestugo, og Knut vilde gjera Karmen ferdig fyr han sette Tre-Verke ihop. Han lagde stort Arbeid paa denne Sleden og skar ut Tverrtrei i Karmen med stor, velskapt Krillskurd; Knut stod ikje fast med aa skjera ut naar han vilde, og det saag ut til, han hadde stor Hug til det. Naar dei største Borni sat og skreiv, dei millomste las med ein Monitør yvi seg og „Tabel-Ungane“ hadde krulla seg um Stavetabellane paa Veggjom med ein Monitør for kvar Krull, so hadde „Skulin“ ei liti Lise. Daa tenda han Pipa med ei Glod fraa Kaklomnen og tok svint eit av Karmtreom sine og maksla ein Krill med Tollkniven etter Blyantrite, han fyrr hadde gjort. Og da fylgde me med Knivodden hans, kan hende, alle som sat soleis til, at me kunde sjaa det — stal oss til aa sjaa paa han, for me visste, at me skulde halde paa med vaare Arbeid, me. Men det var so forlivande Moro aa sjaa korleis han maksla til Krillar og Blad, at me kunde ikje halde Augo fraa di den vetle Stundi det vara. For lenge slapp han nok aa sitja i Fred, rett som det var stod det einkvar fast og trongde Hjelp, einkvar skulde ha „paaskrivi“ i Skriveboki, eller han høyrde einkvar misslas seg reint burti Veggjine, eller Tabel-Ungane stava burti Natti — trast var det aa slenge Utskurd-Arbeide fraa seg for aa rette det range og beinke det skeive.
Ein Skuledag paa 8, 9 Timar med berre ein Time til Kvild er lang, og difor var det alltid kjærkomi, naar det fall noko til, so me fekk ei Øktekvild imillom. „Skulin“ hadde nok sjøl Vit paa det, og difor tok han jamt ei liti Stund med Song med ofss til aa kveike upp i Lage; men so var det ikje faa Gongar det kom einkvar og skulde ha Skulin til aa skrive for dei, Brev, Kontraktiri og dilikt. Ved dette Leite tok det til aa koma fleire og fleire Amerikabrev i Grendi og „Skulin“ var mest den einaste paa lange Leidine, som kunde skrive eit skapelegt Brev. Men enno var det berre faa aat Amerika komne utor vaare Grend og nærast umkring, so det var eit Storhende som det gjekk Tidend manne-imillom um, naar det kom eit Amerikabrev. Og for oss Born var det ei Storstund reint, naar nokon kom med eit Amerikabrev paa Skulen, var det Portræt med au, vart det no enno større Høgtid, for da gjekk Knut etter Benkjom med det i Handi og synte oss det. Eg ser enno desse smaae Bilæti som stødt var paa Metal-