— 7 —
Maten. Um ein Times Tid var heile Følgje reidugt til aa kjøre; Skinnkjolane og Skjerfi kom paa att, kvar tok Ferdakista si, takka for Husvære og gjekk. Eg laag stødt vakin og høyrde kor de skrapa i Varskiom og goula i Sledestengom etter som kvar kjøyrde Lasse sit utor Garden og ned paa Isen.
No var det meir til visse Tidir, at Ferdi var so stor, at det var stappfullt um Nætane; det var helst i Marknadsferdom aat Vetlhaamaar, Kristiania og Grunnset. Den Tidi kjørde Gardmennane sjølve heim den tunge Vara, dei trongde til Aare, slikt som Salt og Jønn, Slipesteinar o. m. og fekk dei ikje fullt Lass for seg sjølve, tok dei paa Varur aat dei faa Landkremarom me hadde den Tidi her uppi Nordbygdom. Men noko Ferd var det stendugt utanfor dei faste Marknadsferdine, um det no var meire ein da og ein da eller høgst tri-fire i Følgje. Det var mest ikje ein Dag høgste Vintren, utan det kvilte Ferdafolk heime baade Kjørandes og Gaaandes, og det skulde vera underlegt, um det ikje lagdes til eit eller anna aa bisne paa for meg, kvar ny Dag som kom. Det vart noko anna, naar Otta gjekk upp att: me saag ikje eit framandt Menneskje Vika igjenom. Eg fekk heller ikje fyrr Klædi paa meg um Morgonen, fyrr eg lout ut paa Garden og njosne etter, um det ikje var eitkvart antell høyrande eller sjaa-ande i Kjømdi. Fekk eg so høyre det skreik og stoma paa Hestane i Eide-Jorde, sunnan Eidsfossen, so visste eg ou, at da var minst tvo Ferdmenn i Ventom; for „yvi Fossen“ var det ein lei Kneik upp fraa Isen — dei lout no paa Landjordi, maa’ta, medan dei foor framum Eidsfossen og, hadde dei tunglesst, kjøyrde dei i Tvibeite yvi Kneiken. Eller eg høyrde Ljomen aa ei Dumbjølle nordmed Bruvaaki, da visste eg det var ein Pelskar ute og foor og det var mest ikje trøytande, fyrr eg fekk sjaa Hesten svinga um Tangen paa Kleivøyi. Var det da ein frisk, kipin Hest som bar seg i Greidi og ein Mann i ruveleg Pels med Storstøvlar og Svipu i Handi, so var det noko av det gjildaste eg saag. Og eg drøymde baade vakin og i Svevnen um aa verta ein slik Pelsmann naar eg vart stor, med Storstøvlar og Svipu og ein kipin Hest for Sleden. Men det maatte vera ein „Drammens-Slede“ med Hundsvott og ikje ein av Sledom etter „Maalaren“, for dei laag so reint nede ved Marki, at Mannen vart burte, tykte eg.