Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/109

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 105 —

han „beit“ Gjeit og Hundar, vissa um Vintren i 61 var han stygt djerv, so han gjekk like inn i Svaline og tok Hundar sume Stadir. Heime stod me ein Dag og saag sjoug store Beist gjekk etter Mosevegen uppi Lidi, og um Kveldane lyddest Ulen Hans lidmillom. Difor var det med ein hjarteleg Ræddage for Ulven eg sprang etter Moane, naar eg ikje hadde Følgje paa Skulen — meir hell ein Gong tykte eg det skimta paa Svansen hans millom Treom inne i Skogen. Og enda var det ein Fare til eg bar likso stor Otte for — det foor jamnan store Følgi med Langfantar etter den nye Vegen og „Jøndalsfanten“, som stødt heldt til i dagevis i Fossen[1] ved Moane, var det farlegaste eg visste i Verdi. Men han kunde eg gjerne møte midt paa Moom kva Dag det var! Difor sprang eg med Live i Neven meir hell ein Morgon, og naar eg kom paa Skulestugo aatte eg ikje att korkje Maal eller Blaast paa lange Tidir. Men rædd? var det likt seg! — det var berre det, eg trudde eg heldt paa aa koma forseint. Eg var nok ikje den, som gruva korkje for Ulv eller Langfant.

Eg sleit meg igjenom baade Stavetabellane og Schiønheyder-Boki, og fraa Høvelkrakken fløtte eg til Borde i Lag med deim, som reinlas i Grøgaards-Boki. Sist eg gjekk i Skulen um Vaaren i 63 fekk eg vera med aa lesa i Berlins Naturlære, men det var so faa av den Boki, at me maatte vera baade 4 og 6 um kvar Bok og det fallt vonoms tungvintare.

Det var mykje Moro i Skulen den Vintren, for me dreiv hardt med Krig dei Dagane det var so godt Ver, at me kunde kaste Snjoball. Det gjekk Ord i Bygdi, maa vita, um Krigen i Amerika millom Statarne og etter di bytte Gutane seg i Nordstatar og Sudstatar og heldt Borgarkrig, so Snodrive gauv um alle Veggir. Det kunde imillom gaa so heitt til millom dei største Gutane, at „Skulin“ lout koma ut og skipa Vaapnkvile. Var det ikje Ver til aa føre Krig, hadde me ein grepa Kjelkebakke tett ved Skulestugo og ute paa Nerli-Hølen ei gjild Sko-Renne. Og mest likeso stoar Moro som allt dette, var det aa sjaa paa den nye Ferdsleden med Karm „Skulin“ dreiv og arbeidde paa i Kvilestundom um Dagane. Sleden stod enno kvar for seg inne i

  1. Fossen: ein Plass.