— 104 —
Gardom. I ein av Lalmsgardom var det ein Gut som ropte paa Stugujenta da Borni sette seg inn til Borde: „kom med ei Fille og turke upp all Supa etter dykk! det er so fullt med Supe, at me kan ikje leggje Bøkane vore paa Borde!“ Slikt henda baade tidt og jamt. Men enda verre var det, naar Sjølvefolki ein og annan Stad, var so kloke, at dei lagde seg fram-i Upplæringi, det henda au, imillom. Soleis stod Mannen paa ein av Skogbygdsgardom i Heidalen og telgde paa eit Skaakemne ved Stabben medan Skulmestaren heldt paa aa „spørja utu Hugue“ um Adam og Eva. Mannen tykte Borni ha lite Kunnskap i Barnelærdomen sin: „veit døkk ikje de, hell, Unge, at Jesus og Kristus er vore fyrste Foreldre?“ sa han, reint grettin for Faakunnaden deira. Kjeringi vilde ikje staa attende for Mannen ho heller: „detta visste no eg, au,“ sa ho. Alle slike Steinar i Vegen vilde Skulmestrane no verta skilde med.
I den faste Rotstugo i vaare Grend hadde me Skule 12 Vikur um Aare, 6 fyri Jul og 6 lenger fram paa Vintren, dei siste Vikune kunde sume Aar verta haldne ut paa Sumaren, etter som det fall med Skulen i dei andre Fjordingom i Krinsen. For meg vart Vegen lang etter dei druge Toulstad-Moane der „Nyvegen“ gjekk, og fyrste Vintren laut eg difor tala av Følgje ved tri av Husmannsgutom vaare; den eine var i den Aldren han gjekk og las og dei hine tvo, som var Brør, var au nokre Aar eldre hell eg. Dei budde høgt uppi Grendi dei, og det var ein stor Krok for deim aa gaa um meg, men dei gjorde oftast Selbot paa meg og kom til kvar Morgon. Vissa den eine, men dei tvo Brørne var so gløgge paa det, so furtne og sere, at kom eg til aa gjera deim den minste Pretta eller seja eit forrflogi Ord i Leikarstundi paa Skulen eller paa Heimvegen, so saag eg ikje deim paa mange Dagar etter, um eg ikje gjorde meg mjuk og fekk Semje med same. Og naar eg paa denne Gjerdi hadde forspillt Følgje mitt, tykte eg ikje just det var nokon Lystmat aa gaa paa Skulen — Toulstad-Moane gruvde eg stygt for. Eg sprang i Hunde-Dill heile Vegen etter Moom, Skogen stod tjukk og stinn paa baae Sidur, det var som aa fara etter ein Gjeile og av Himilen saag du berre ei smal Stripe beint upp-yvi deg. Baade i 1860 og 61 var det fullt av Ulv i Dalen og me høyrde til kvar Tid at