Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/107

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 103 —

grepa som eit rett Bord. Sonær som det, at Bak-Skruven gniksa so naudillt naar nokon av oss hadde Ærend til aa snu aldri so lite paa han. Dette var elles strengt forbodi oss, og straks „Skulin“ høyrde det let burti Kraai vor, sette han eit par stride Augo burti Radi, og dei Augune kunde taka Handklaaen av oss med einn Gong.

Det var eit tylegt Hus den nye Skulestugo vaar; gjenom dei tvo Glasi paa Tverveggen mot Aust saag me yvi den lange Lia-Moen, der Tolli stod tjukk som Hampen so langt me kunde sjaa. Lengst nede stod Andershøi, høg og verbitin og ved Sida henne Veggjemskampen som saag ut berre som ein Smaagut her fraa. Gjenom Glase som venda mot nord, saag me ned paa den breide Hølen i Otta og burt-i Skogmoen under dei fæle Hoggbergi ved Jukul-Hole, og gjenom Glase paa Nordveggen synte den bratte, skogvaksne Ottadals-Lidi seg. Det var alltid so friskt i den store Aasstugo som var so høg uppunder Mønsaasen, og den tjukke Klebberkaklomnen heldt Huse godt og varmt. Ljost var det au yvi heile Stugo, vissa naar det leid so Soli var att-komin og difor var det ikje aa undre seg paa, at baade „Skulin“ sjøl og Borni var meir hell velnøgde med aa fløtja inn i dette Huse fraa dei tronge Romi, det oftast var i Daglegstuguom paa Gardom i Grendi.

Men Bygdafolki likte ikje alle so vel, at det vart Slutt med Umgangsskulen, det vart no for det fyrste til stor Kostnad for Bygdi, maa vita, og kva mykje betre Skulen skulde verta av di, kunde dei ikje skjøne. Og so var det tylegt aa ha Skulen i Huse nokre Dagar kvart Aar, som dei hadde vori vande med fraa gamal Tid. Men, det var so mykje nytt no med all Ting, at det saag ut til, at alt det gamle skulde umkumplast — kor grepa det vilde verta med Tidi dette nye, det fekk dei altid sjaa, best det var, desse, som stod forr med di So det var ikje vellika med same, da Skulen fløtte inn i dei faste Rotstugune. Berre Skulmestrane var velnøgde, for det hadde sume Tidir vore tungsamde Dagar med Skulen der, dei maatte vera inne i Dagligstuga medan Karar og Kvinnfolk dreiv kvar med sine Arbeid, og som Borni ofte lout kjøgle etter kvar Tid. Og ikje gjorde dei seg stort fyri med aa halde det rydigt til Skulen heller, alle Stadir paa