Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/106

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 102 —

For da visste eg, at det stod opi Rom aat meg millom Abc-Kongom, og um Morgonen da dei fyrste Skuleborni bar til aa koma med Nistetullom sine under Armen, stod eg bak Svartklevedøri og gret med Schjønheyder Abc-a i Neven. Denna Lærdomen „Skulin“ tvinga paa alle, tyktest meg ill aa gaa i Kast med, men eg visste vel, at det var ingen Veg umkring med di. Eg prøvde gjera meg hard og svelgje Klumpen i Halsen, men det gjekk ikje; da fann ho Mor paa, at Dotter hans Erland Lien skulde ha meg sitjande fram med seg ved Skuleborde um Dagen, og det letta den saare Hugen. For ho hadde vore Baanfoster aat meg og eg var glad i den snille, godvorne Jenta; Knut fekk høyre korleis det var vordi, og da sette han ho Anne Lien til Monitør aat meg mest heile Dagen. Paa denne Gjerdi glatt eg igjenom det tyngste og da Kviletimen kom hadde eg alt kome meg sopass, at eg gav meg med Smaajentom og „sprang Rund“ — no eg høyrde med i Lage, var det ikje mitt Høve berre aa staa sjaa paa, lenger.

Dette var i 1860, og det var det siste Aare Skulen gjekk paa Umgang i Bygdi; heretter skulde det verte faste Rotstugor i alle Fjordungar, og i vaare vart det leigt og innreidt av nyo ei stor Høgstugu paa ein av Gardom langt ned med Elvi. Det var ei ljos, lett Stugu med Aas-Tak og 4 store Glas, og her vart Skulen verande i gode 20 Aar frametter. Da me skulde taka Skulestugo vaar i Bruk fyrste Hausten, i 1861, var det eitt og anna ufaatt baade med Bord og Benkir til det leid fraa ei Tid; da allt var ferdigt var heile Bunaden eit langt Bord som rokk tvert vvi heile Stugo, med ein fast Benk innanfor ved søre Tverrveggen og framanfor ein like lang, som stod laus. Ved dette lange Borde rymde alle dei Borni som var so langt komne, at dei reinlas i Bok. Den store Skorsteinpipa gjekk upp i den nørdste og ytre Kraai i Huse med eit stort Rom, som ein smal Kleve, millom Muren og nørdre Veggen. I denne Kaaven hengde me Matskreppune, Korgirne og Tullane vore paa Veggen og Smaajentune Ullturklædi sine; der inne var au „Furtekraai“ eller „Skamfull-Benken“ for deim, som gjorde noko gale. Og fremst i det Rome hadde me Abc-Born ein Benk me sat paa med ein lang Høvlkrakk framanfor til Bord, og som me tykte var fullt so