Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/105

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 101 —

saag, at det var nokon som vanta Mat, var dei sjølminte til aa dele med seg og da fall det aldri minst paa deim, som ikje hadde noko fraa heime. Eg saag aldri det hende, at dessa Stakkarane vart gløymde med Mat av hine Borni.

Var det mange den Tidi som det var smaatt um med Mat for, so var det enno fleire det vanta Klæde. Det var ikje vandt um aa sjaa Gutar kom paa Skulen i Trøya til Mor si med ei stor, paa-lagd Folde midt etter Ryggen, ihop-neista med lange, kvite Ulltraad-Neistar. Paa Beini gjekk dei med store, utslitne Sko etter vaksne Folk, sume hadde Labbar ihop-hurpa av gamle Avleivor etter alle mogelege Klædeplagg. Dei sat og nepte sig ihop paa Benkjom og var ille ute av dei fillute Klædom sine, dei tykte nok det leita deim berre aa gaa yvi Golve i Augom paa dei andre Borni, som baade var velklædde og velflidde. Men naar so Fritimen kom og alle slapp paa Garden med Ballslaatt og annan Leik, da gløymdest dei laake Klæde, baade Kvinnfolktrøyune og dei vide, ufanslege Labbane. Og da saag det heller ikje ut til aa vante Nerk i den tunne Vatssupa og den oskesteikte Stompen, desse fillute Gutungane hekk som Katten etter ei Klo, kvasse i Snuom som ein Elding og med ei Fotferd som øvde Hallingdansarar. Desse Leikarstundine var no Joli mi enda eg enno berre lout gaa og sjaa paa; det verste var, at dei stødt vart so ryre. Og alltid kom „Skulin“ ut-paa Dørahella og ropte „innatt!“ naar Moro var som aller best — eg tykte mangein Gong han var ein ubeinin Kar, som aldri gav Dag um han saag de stod midt i stridaste Beita.

Dei fire Skuledagane foor som ein Blunk og det kjendest tungt naar „Skulin“ ein Eftan lada Bøkane og Tabellane ned i den store Skreppa si att, tok Salmodikone under Armen, takka for Samveru og gjekk til Granngarden for aa byrje der att den næste Dagen. Det var so audt paa Garden dei fyrste Dagane etter og det vara ei heil Viku fyrr me kom i Vane med Stilla att. Istadenfor aa høyre paa Skulmestaren song og fortalde um Kveldane, var det no aa sitja aa sjaa paa han Gamle-Per spikka Stengjingsnaglar i Vedroi, eller Budeia hurra og spann paa Rokken.

Men hitt Aare da Skulen kom paa Garden att, hadde det snudt um og det var ikje noko hævt korkje med Knut eller Skulen.