— 100 —
gaar som ein Røyk, og fyrr ein veit um er det langt fram paa Dag att. Detta kjende nok „Skulin“ vel til, maa vita, og for at Verke ikje skulde stadne heilt, um han ikje vannst koma att fyrr ei Stund ut paa Dagen, sette han Jakup i sin Stad og bad Borni vera lyduge og snille medan han var burte um so var, han ikje kom til fyste Timen um Morgonen. Skulmestaren vart fraaverande heile næste Dagen, men han Jakup greidde seg so vel i hans Stad, som han skulde vori gamal i Tenesti. Han song Salmen Morgon og Kveld, høyrde paa Leksur og sette nye, skipa Monitørar, las med Borni i Grøgaards-Bøkom so allt gjekk i rette Fare sitt um Dagen — han saag so stø og verdig ut som „SjølPresten“, men var elles ikje lik til aa vera korkje stor paa det hell „hoferdig“. Ein Gong imillom kunde han sleppe av seg den vyrdslege Bragdi for det snøgge og da glyrde Skjelmen i Augnekraaom hans —: i same Stundi kom han au med ei lentug Herme, eller eitt av sine eigne Lenteord, so heile Hopen log uppi høgt.
Men fleire hell eg tykte, at Jakup var mykje til Kar som hadde so stor Tiltru, at han fekk staa i Staden til „Skulin“ ein heil, utlang Dag. Eg veit eg tykte eg maatte gjeva honom til for det, at han skremde mest Live utor meg Vaaren fyrr, ein Eftan han kom gaa-ande nordan-til Jorde med ei Maske for Andlite, gjord av Gronnbork med Augbrunir og Skjegg av Ikornskauv. Ingen fann paa aa vera sjølstiv eller ulydug imot honom, enda det var mange Gutar med, som var mest vaksne; berre dei Stundine det bar til aa lide nære mot Kviletimen, vilde det verta lite urolegt paa Benkjom. Og naar han Jakup høyrde Stuguklokka slog 12 fram-i Stugo og bad deim „leggje ihop“, losnad heile Mørja som ei Skridu for aa finne fram Skulenista. Mest forrende hadde dei store Dungar med Vafflkakur med, men sume hadde Stomp av grovt Byggmjøl og Vatten, steigt i Eldmørja. Og so var det alltid nokre faa, som ingi Niste aatte — heime i Huse var det ikje noko aa ha med deim og dei hadde nok ikje smaka annan Mat um Morgonen fyrr dei gjekk, hell ein Skvett med tunn Vatssupe. Desse, som ingen Skulemat aatte, smøygde seg stille burti ei Kraa, eller gjekk ut for aa sleppe sjaa paa hine Borni sat og aat paa dei gode Vafflkakune. Men trast Borni