— 99 —
og greidmælt, at han bytla alle, tyktest han aa vera noko til Kar. Den, som kom svint og uvarandest inn i Stugo, kunde radt faa Tepp i Øyro og det var ingen fin Laat, men Folk hadde vandt seg upp med di og tykte det var „tylegt høyre Borni las over“.
Med di same „Skulin“ kom i Døri og Upplæringi skulde byrje, stillnad Duren med eitt som naar Kvenndemma vert slept i; Kuut likte ikje denne Lesingi, og naar han var inne fekk dei aldri lesa Leksune paa den Gjerdi.
Klokka 12 var det Kvild 1 Time og den Stundi Borni „slapp“ var nok den gjævaste for alle. Da losna Leiken ute paa Garden so det lyddest yvi heile Grendi; ein og annan Gong kunde det hende, at einkvar av dei største Gutom kom i Uvenskap og slost som vaksne Karar. Det kunde gaa so heitt til, at „Skulin“ lout koma aa løyse Take, og var det av rette Stridbystingom som hadde kome rett i Loge, var det ikje alle Tidir dei gav seg med di same for honom, heller.
Nokor slik Hardkule veit eg ikje det var heime i Fri-Timen, allt var berre godt og vel med stor Gaman og Moro. Fyrimannen millom Gutom, liksom, var Øygardin, han Jakup, ein vitug Gut med gode Evnir og lett Næme men ein stor Galning so lentog og ordhittog, at han allt da var spurd for det i heile Grendi. I Skulen var han ein av dei fremste og var Monitør ei Rid kvar Dag, og naar han stod i Tenest soleis, var han baade stø og aalvorsleg. Men fall det ei Lise i Arbeide kunde han braadt koma med ei Herme eller eit Ordhit, eller han kunde gjera nokre kvasse, rare Faktir, so Borni vart sitjande tvikrokne av Skratt og freista halde seg til dei var raude som Blod i Kinnom. Men han Jakup sjøl skulde du aldri sjaa drog paa Smilen, ein Gong. No denne Gongen medan Skulen var halde heime paa Garden, steig Jakob Øygarden liksom til Under-Skulmestar, enda denne Høgdi hans ikje kom til aa vara lenger hell vel so ein Dag. Knut var bedin burt til nokre gode Kjenningar ein Kveld og da tenkte han seg, at det svint kunde gaa so, at han ikje rokk aa koma att til høveleg Skuletid Dagen etter. Baade var det eit drugt Stykke aa gaa og so er det so underlegt med di, naar gode Kjenningar raakast, vert sitjande samen med ein Dram og med Song og Rødur um Nytt og Gamalt. Natti