— 98 —
Bokstavane naar dei kom paa Skulen, Foreldri skjemdest av aa sende dei i Skulen utan aa ha lært det minste. Det taut og stoma ikje so lite i Stugo naar heile Verke var komi i Gong, og „Skulin“ vanst ikje stort meir hell aa fara fraa den eine Hopen til den andre med Raad og Rettleiding, det var stadigt Bøn um Hjelp fra eikvar Leidi. Sum Stadir lout han stagge Sinne som hadde brote laust og sume Stadir Graat, og noko lett Arbeid var det ikje just han hadde med aa halde 50—40 Born i Upplæring, so alle hadde noko aa gjera med di, som just høvde kvar etter Alder og Evone. Og det i ei trong Stugu som vanta baade Bord og Benkir til Fullnads. Læregreidur var det so smaatt med, som det kunde vera: ein 8—10 Stavetabellar og ein Taltabel, 10, 12 Grøgaards-Bøkar, 5 eller 6 Berlins-Naturlærur, ein Salmodikon og ei Koralbok, meir var det ikje. Upplæringi hekk mykje etter „Monitørom“ og difor gjorde „Skulin“ allt han kunna, for aa ha dugande større Born til di. Mykje attaat fekk han av dei lengst framkomne Bornom til aa følgje med burti næraste Fjordungen, naar han fløtte med Skulen, og vera med til han fekk Upplæringi vel paa Stell. Det var Krag som kom med denne Gjerdi med Monitørar (Bell-Lancaster-Metoden) og soleisom Umgangsskulen var skipa, at alle Borni møtte sama Dagen, var det mest ingen annan Utveg heller, til aa faa sett alle i Arbeid. Det var ei Ære aa verta tekin til Monitør og dei dugelegaste og som hadde lettaste Næme, fekk serskild Upplæring i Reikning og Skriving paa dei Stundom dei var frie fraa Monitør-Tenesti. Da fekk dei øve seg i aa „lesa Brev“ au, skrive Kontraktir, Forretningbrev og vanlege Brev o. m.
Kvar Morgon var Borni svert griduge til aa koma paa Skulen; sume kunde halde paa med Leik ute paa Garden, men dei fleste sat i Skulestugo og las høgt paa Leksa. Den Lesingi tykte eg var snodig og difor sat eg altid og høyrde paa — det var ein Dur, fraa alle dei Munnar so det ljoma i Flat-Take og ein kjende det i Tanngarden, naar ein skulde lyfte Munnen upp og snakke eit Ord. Tjote steig og fall, steig og fall i baarevis; oftast var det tvo eller tri som hadde kvellare Maal hell alle, og som difor heile Tidi høyrdest utor over alle hine; men alle gjorde dei sitt beste med aa faa Maale fram. Var ein so kvell