— 97 —
no vilde dei ihop ved han ei ny Heto og sjaa, um dei ikje skulde greie dei forvitnelege Vitneprovi. Dei lagde dugelegt paa Peisen og las i Skine fraa Eldsmaale, det var ikje Lampe aa sjaa av i Huse den Tidi, maa vita, og til slikt, som det ikje laag meire Magt paa, vilde dei ikje nenne paa aa faa eit Talgljos av Mor, heller. Med Lesnad og Rødur og ei og annor morosamd Sogu imillom, gjekk Kvelden so svint, at alle undra seg yvi kvar Tidi hadde gjort av seg, da det leid til Sengetid.
Men da det ljosnad um Morgon att og eg vel var i Klædi komi, kann de berre hende det var Liv ute paa Garden! Heile Garden var full av Ungar, Gutar og Jentur, store og smaae. Mange av dei største var Ruggar paa 16 og 17 Aar og saag ut som vaksne Karar millom Smaatuske. No medan „Skulin“ morgonstelte seg og til det vart full-ljos Dag, dreiv Gutane med aa slaa Reitball og Smaajentune „spytta Brenn“ eller „dusa og gjøymde“. Det var Moro og Stim so Dunen lyddest attende fraa Bergi burtan Elvi. Straks det var vel ljost kom „Skulin“ ut paa Dørahella og ropte Ungane inn, og med di lynnte heile Reidi inn i Bakstugo, for der maatte „Skulin“ vera med Hopen sin. Stugo var heller liti og Viskerome var ikje stort naar alle hadde komi til Sæte; naar Skrivetimen kom vanta det Albogerom og „Skulin“ lout ha mange Bruk, for aa hjelpe kvar med eit Rom aa leggje Tavla eller Skriveboki paa.
Skulen byrja um Morgonen med at dei song eit Salmevers og etterpaa las Skulmestaren Morgonbøni for Dagen i Kingo-Boki. Etter det høyrde han Leksune i Spørsmaalsboki og Bibelsogu, og so tok dei til med „Innilesnad“ i „Grøgaards-Bøkom“. Sume av deim som var lengst komne, fekk sitja for seg sjølve og lesa i Berlin-Naturlæra og den, som var den gløggaste imillom deim, vart sett til „Monitør“ og hadde aa sjaa til at kvar las ette Børt og at kvar las rett. Abc-Boni vart bytte i Hopar for seg, og til dei vart det hengt Stave-Tabellar paa Veggen der det var Høvelegt Rom; til kvar Hop vart det teki ut ein av dei største Gutom eller Jentom til Monitør. Ein Hop med noko større Born stod under ein Monitør som las med deim paa Taltabellen og lærde deim Tali fraa 1 til 100; sjøl tok „Skulin“ dei aller minste og lærde deim Bokstavane; men elles hadde dei fleste lært