Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/100

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 96 —

paa Ferd — eg er vand med lite av kvart, der eg fer, og du skulde sjaa eg lyt blatte meg igjenom paa mange Gjerdine,“ svara han og sette seg paa Stolen ho Mor fann aat honom. Eg gjorde meg so berrsynleg eg kunde for aa koma i Lag med honom — jau han vart da var meg, mest strakst, og kytte av, at det var grovt kor eg hadde skote i Vere sidan sist han saag meg. Medan han karva i Pipa, gat han um, at no heldt eg paa aa verte so stor, at eg laut til aa tenkje paa Boki, og med di var han burti den store Skreppa og leitte fram ei ny Schjønheyder-Abce og gav meg, „naar eg kjem att ein annan Haust, skal du sjaa me fær Bruk for henne,“ sa han. Men den, som ikje kjærde seg mykje um den Gaava, var eg; det foor kaldt ned yvi meg, for baade den vetle Boki og Lesnaden baud meg hardleg imot. Eg hadde nok set korleis „Abc-Kongane“ hadde det i Skulen: der sat dei for seg sjølve i ei Kraa med lange Bokpinnar og stauka og stræva med aa lære, kva alle dessa Bokstavane heitte. Aa vera med i det Lage — nei, takke meg til aa gjæte Kalvom ein heil Dag eller bera inn all den Veden, han Gamle-Per høgg i Vinter. Eg tykte ikje „Skulin“ var so tyleg no, lenger, som han hadde vori, ikje da han seinar paa Kvelden fortalde meg om Trolli paa Heidalsskogen og Blankenborg-Veslegutane, dihell. Han fekk ikje eingong att den fyrre Tya si, da han attpaa song „Huldre og han Ellan“ aat meg og let meg faa sjaa paa alle Bilæti i Berlins Naturlære.

I den lange Kveldsetu tok Knut og Far seg fyrst forr med, aa rite upp paa ei Steintavle Smøygingane paa ein Grimstol: Far skulde leggje seg nye Tog-Grimur og no vilde Karane finne ut Konsti med alle Smøygom i Hugulage — dei hadde elles ein gamal Grimstol aa sjaa etter. Det vart eit heilt Hugubrot fyrr dei fann rette Uppkaste, men dei gav seg ikje fyrr Knuten var løyst. Etter dei var ferdige med dette Stræve, maatte Far gaa paa Staburslofte etter ein heil Dusk med „Thrane-Blad“ han hadde gjøymt paa etter Bestefar, Knut hadde nok lese deim fyrr, men han hadde Moro av aa sjaa deim igjenom enno ein Gong. Med det same tok Far med sig ein gamal „Oberhoffretsdom“ som dei baae hadde gruna hardt paa mange Vendur, naar Knut var i Huse; Domen var so ill aa lesa, at dei stod fast rett som det var,