— 6 —
de sterkt Finkel og sume kunde ha ein Lette paa naar dei kom tilhusane.
Slike Kveldar hadde eg det visse Rome mitt paa ein liten Pall paa vinstre Sida aat Skorsteinen, imillom Omnskinni og Veggen, ein fredsæl Stad som ingen fann paa aa slaa under seg. Derfraa hadde eg so grepa Utsyn yvi heile Stugo, at eg saag og høyrde allt, som gjekk for seg i denne Maurtuva.
Var Kokkane ferdige med Kokingi og Steikingi frami Skorsteinen og Kveldsmaten etin, var det Sengjerom det vart Spurlag um, og da fekk Tenestjenta ei heit Skure med aa reide Flatsengjir utivi Stugugolve. Naar det var gjort og Ferdmennane hadde stelt Øykine til Natti, var dei ikje seine med aa krupe i Boli sine. Det siste, ein høyrde av deim, bad dei um Morgonkaffe so tidlegt som det var Raad aa faa’n — dei hadde sine 8—9 gamle Mil aa kjøre enno, mange av deim, og difor lout dei nytte Tidi væl og ikje sleppe Morgonstundi fraa seg. Alle var dei trøtte og slitne etter den lange Rekingi etter Isom i den bitande Snoi, og difor var det ikje lenge bie, fyrr heile Lage hadde festa Svevnen. Og naar Huse var kome til Ro allt med seg, var det ei Pusting og Snorking fraa Flatsengjom so du tyktest kjenne, kor Flat-Take blektast for kvart Andtak.
Sovidt eg minnist, var det altid Fred i Huse um Stugo var aldri so full med Framande baade fraa Nord og Sud; men „sund Luft“ vanta det jamnan i Morgonstundi. Naar ho Mor kom upp og skulde koke Kaffe, so um Lag Kl. 5, va ho ferdig til aa rjuke att-aa Bak og ho stod mest ikje imot til ho fekk upp Spjelde, so den verste Sengjeteven fekk fara tilvers. Og aldri so snart var Varmen kveikt, fyr det vart Liv burtetter Flatsengjine — alle skunda seg upp for aa sjaa til med Hestom som ofte stod paa fri Gard, berre med eit Hest-Aaklæde hell ein Skinnkjol yvi Ryggen. Det var stødt Sjou og Staak med same Ferdmennane kom paa Føtane att; Stugudøri gjekk upp og att i Einingi og kvite Kaldeimen gova som ei stinn Skodde fraa Døri og frami Eldstaen. Naar Øykjine var morgostellt, var det berre aa morgostelle seg for Ferdmennom sjølve, snarast dei vanst — faa seg noko Turrmat or Kista attaat Kaffe’n. Sume kvelvde eit Par Finkelstøytar uppi Koppen og sume tok eit Par „klaare“ attaat