Side:Ivar Aasen - Norske Ordsprog.djvu/18

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Aldren gløymer ikkje Mannen. Eller: Um Maanen gløymer Aldren sin, so gløymer ikkje Aldren honom.
Der Aldren kjem inn, vil han aldri utatter.
Aldren fører myket med seg. – El. Aldren kjem ikkje aaleine; han fører so myket med seg.
Alderdomen er ikkje Ungdomen lik.
Alderdom og Fatigdom er eit vondt Fylgje. – Alderdom og Sjukdom dei gingo seg um By; møtte deiso Armodi, so vaarv dei Systlin try. (Svensk og Dansk).
all (alle). Det som alle skal gjera, vil helst verda ugjort. El. Det alle skal gjera, veed aldri gjort.
Det som alle gjera, er ingi Skam.
D’er vandt aa gjera alle til Lags.
Den som held med alle, held med ingen.
Den som seer alt, han seer baade godt og vondt.
Den som alt vil hava, skal inkje hava.
Den som er allstad fratnme, er ingenstad velkomen.
Det kann ingen vera allstad i Senn.
Det som alltid hender, kann ingen undrast paa.
Aln. Det kann ingen leggja ei Aln til sin Vokster.
Naar eg trøyter Alni, kann eg trøyta Spanni og.

Hos Wilse: „Naar man har trøt Alnen, kan man og trøte Qvarteret“. ɔ: Har man holdt ud med det støtste. kan man ogsaa holde ud med det mindste.


angra. D’er illt aa angra paa velgjort.
Han er heppen, som heve inkje til aa angra.
D’er seint aa angra det ein ikkje kann umbøta.
D’er inkje vondt so vel angrat, det ei var betre ugjort.
Der som er Anger, er Von um Bot.
Anger er god, naar Umbot sylgjer. – Ogsaa: Angren er beste Boti.
annan (andre) Ein ser paa ein annan, kvat ein sjølv kunde verda. (F. Ex. en Ulykke, som kunde træffe En se1v).
Ein annan, til ein verd sin eigen.
D'er vandt aa kjosa annan Mann Mat. (ɔ: Det er vanskeligt at vælge Mad for en anden). Tel. Hedder ogsaa blot „D’er vant kjose annan Mat“, da nemlig „annan“ er kommet i Stedet for et gammelt Dativ: androm (eller odrom) ɔ: for en anden.