Hopp til innhold

Side:Heimsyn.djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
9

Steinurd kring um Opningi. Slike Eldberg er der paa Island og ved Midelhavet, men dei fleste av deim liggja paa Vestersida av Amerika og kring um det store Sudhavet. Paa nokre Stader er det ogso Merke til, at der eingong heve voret Eldberg, som sidan era utbrende og avsloknade, so at der berre stend atter ein rund Topp med ei Dokk i Midten.






II. Um Luft og Veder



Lika eins som Vatnet ringar seg kring um Jordi og fyller alle dei laagaste Dypter, soleides heve Jordi ogso eit annat Umlag av eit myket lettare og rørlegare To, som me i dagleg Tale kalla Vind elder stundom Luft, og som i ei vidare Umsyn kann heita Vindheimen elder Luftriket (Atmosfæra). Lufti er so tunn og gjenomsynleg, at me ikkje sjaa henne med Augom; derimot kunna me kjenna henne baade med Andedraatten og med berre Handi, naar me sveiva nokot sterkt med Armen; lika eins kann ein sanka Luft i Belgjer elder Blaasor og fylla og tøma deim, ettersom ein vil. Soleides kann ein suga Lufti ut or ei Røyr elder Pipa, og naar ein set Enden av Røyri ned i Vatn elder Væta, so kann ein dermed draga Vatnet upp igjenom Røyri; for det vindtømde Romet vil hava si Fylling, soframt som der er nokot, som kann renna inn i Romet. Ein kann ogso gjera seg ei kunstig Sugerøyr elder Pumpa