Lippom, „og det var ein fin Bolle, kven heve maalat honom du — so eldande raud.“ Det varad inkje lenge, so var Andlitet aat Klokkaren lika so raudt som Bollen, han skein som ein ny Koparskiling. Og daa fekk Karen Munnen paa Gong. Han preikad og log, fortalde Rispor og gartad, og det var ingen i det Laget, som gjorde slik Æra paa Per og Bergit med Drykk og annat, som Nils Torgerson; det var gamle Nils’en, som var komen atter.
Korleides det gjekk Klokkaren sidan heve eg inkje spurt, men det var dei, som sagde, at han, fyrr Aaret var lidet, gjekk paa Friing til ei gomol Møykjering. „Eg lyt halda meg til dei gamle, eg“, sagde Nils Torgerson, „dei er dei truaste.“ Somyket er visst, at, daa det leid ut paa Hausten, gjekk Nils Torgerson i det finaste Plagget sitt og med ein Fylgesvein etter seg rundt i Bygdi og bankad paa Dørom. Og det var inkje med liten Vyrdnad, han steig innum Dørstokken, for idag gjekk han med Brudlaupsbod. So fekk han daa Skjenk og nokot til at bita i, og so byrjad han: „eg heve ei Brudlaupshelsing aat dykker fraa eit Par Folk — det er no han Per i Prestgarden og ho Bergit Bjørnstad, um dei vil vera fylgesagtig til Kyrkja paa deira Heidersdag og heim atter paa eit Maal Mat og ein Gong Drykk og Gaman med andre gode Viner, so lenge, som Kjøk og Kjellar held ut. Du skal sleppa at svelta, for du skal faa baade Graut og Storseid og Lefsekling og Dravle og Mylja og alt det, som godt er. Du skal faa baade Brudarsveinar og Brudarkrunor og Brudarslaattar og Brudargraut. Du skal faa dansa, til du ligg, eta til du sprekk, drikka til du sovnar; men so maa de koma allesaman, baade store og smaa, gamle og graa, som kann krjupa og gaa.“