Side:Han Per og ho Bergit.djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

laren; for nokot titet „Traktement“ maatte det no til, naar det skulde gjerast visst fyre Per og Bergit. Arne stod sjølv med Krusi i Hondi og hadde drukket Maagen sin til, og Parfolket stod so skinande, at det liksom gjekk Ljos av deim yver heile Stova. Kari hadde sett eit nytt snjokvitt Skaut paa seg idag; ho stod der, høg og vyrdsam, men ho var litet raud i Augo endaa, for ho hadde graatet. Ho mintest, daa ho stod ung og fager og heldt honom Arne i Hondi; ho kunde trysta lika fast idag, som den Gongen, um ho enn var vorti nokot gomol og skrukkutt. Daa gjekk det i Døri, og inn kom Mr. Smith, men han vart standande paa Dørstokken, daa han saag so mange Folk. „Idag er her Gaman kann du tru,“ sagde Arne og kom burt imot honom med Krusi; „snart kann eg bidja deg til Brudlauvs hjaa honom Per og henne Bergit Dotter mi.“ „What do you say? — Per and Bergit?“ ropad Engelskmannen, og spilad Augo upp; so strauk han Hatten av seg, gjekk burt aat Parfolket og tok deim i Hondi: „I contratulate![1] I congratulate!“ gjekk so or Stova og kom inkje meir ned den Dagen. Men næste Dag stod Mr. Smith og fiskad i Elvi, og daa var han likso glad og likso striputt som fyrr. Daa Engelskmannen vel var gjengen, kom Per til at skoda ut av Vindaugat: „Hyss, trur eg inkje, det er Klokkaren, som stend ned paa Vegen!“ „Kvat Slag?“ sagde Arne og saag yver Oksli til Per, „og trur eg inkje han kjem upp og.“ Nils Torgerson stod paa Vegen, beit seg i Fingrom og glande upp gjenom alle Vindaugo paa Bjørnstad. Men rett som det var, tok han eit Stig fram, og upp styrde han lika mot Garden. Ei Stund etter kakkad det paa Døri. „Kom inn!“ og inn steig Nils Torgerson, nigjande

  1. Eg ynskjer til Lukka.