Hopp til innhold

Side:Han Per og ho Bergit.djvu/45

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

„Eg lyt jaga honom av paa eikor Vis,“ tenkte han atter. Han upp og nidkrøkja seg. „Det maa være et tungt og traverserligt Arbeide at vera einsleg og saa at sige forladt her oppe paa Fjellet især for gamalt Folk som Signe. Ho Bergit var daa til nokor Hjelp, so kaat ho er; men no er ho burte idag høyrer eg.“ Og Nils Torgerson klo seg att um Øyrat og glytte fult burt aat Mr. Smith. „What do you say — Bergit inkje her?[1] — god dam!“ Og dermed sette Engelskmannen Hatten paa Hovudet og gjekk. Han snudde seg i Døri. „Farewell!“ sagde han og so strauk han burtetter. „Haa — haa — haa!“ sagde Klokkaren, der han stod og saag ut etter honom, „det heve du gjort godt, Nils Torgerson; du er nog den, som fær mest Fiskelukke idag,“ og Klokkaren gjekk upp og ned paa Golvet og gnikad seg i Hondom. So kom Signe inn atter. „No kann eg sagta spyrja“, tenkte Klokkaren. Han drog Klokka si upp or Luma og saag paa henne. „Eg lyt nog letta paa meg snart no,“ sagde han, „du fær hava Takk fyre Mjølki — men — kvar er Bergit idag?“ „Bergit? ho er heima no.“ „Heima?“ sagde Klokkaren og vardt standande og gapa. „Ja heve inkje du høyrt gjetet, at det er Gaman paa Bjørnstad idag. Han Per held paa at trulova seg, segja dei.“ Klokkaren stod som fjettrad. „Takk fyre meg,“ sagde han, treiv Fiskestongi og gjekk burtyver. „God Lukka paa Fisket!“ ropad Signe etter honom.

Det var inkje fritt, det var Gaman paa Bjørnstad idag. Per stod i Stova i sine Kisteplogg, og hjaa Per stod Gudbrand i øvste Garden som Maalsmann. Stova var full, for Arne hadde ropat heile Lyden isaman og hentat sjølv av det beste Ølet sitt fraa Kjel-

  1. Kvat segjer du? Bergit inkje her.