„Nei hadde eg no visst, her kom slike fine Kroppar idag, skulde eg no, fulla, hava lagat nokot ihop til dykker; det var daa tregelegt, og ustelt er her og.“ Og ut foor ho etter Mjølk til Engelskmannen. „Kvat Fanden skal han her“, tenkte Klokkaren, „nokot lyt eg segja.“ „Det er varmt Vedr idag med Tilladelse,“ og Nils stod upp og skrapad med eine Foten. Mr. Smith glytte dit, som Ljoden kom fraa: „Oh yes!“ svarad han, so snudde han seg atter. „Er du tyrst?“ sagde Signe, og baud Mjølki fram. Engelskmannen drakk. „Kvar skal slik fin Kar av idag so tidlega?“ spurde ho. „Eg skal fisk litet Aurer — eta her til Kvelds — men skal inkje this — this Slamp ganga snart,“ kviskrad han og blinkad burt mot Klokkaren. „I do not like him,“[1] „Eg veit inkje, kvat han Nils vil idag, han er so snaal, han skal nog ganga paa Fiske han og, maavita.“ So sat dei no slik ei Rid. Signe stelte med Gruva og Kjerald og sveiv ut og inn. „De maa orsaka meg, men no lyt eg ganga ut paa Vollen til Fenaden“, sagde ho, „sitje de og kvile“, lagde ho til. Og dei sat, og dei saag paa kvarandre. „Eg lyt bida til han er gjengen; Bergit maa no vel snart koma“, tenkte Mr. Smith. „Han kann no vel inkje drygja alt so lenge han, veit eg“, tenkte Nils Torgerson, „eg lyt bida til han er gjengen.“ Og so drygde dei baade tvo. „Nokot lyt eg segja,“ tenkte Klokkaren atter, han upp og nidkrøkja seg: „det er tung og møisommelig Veg herop“, sagde han. „Oh yes!“ svarad Engelskmannen og strekte Føterne sine. Klokkaren sette seg og saup Mjølk. Engelskmannen saup Mjølk. „Eg skal undrast paa, um det inkje er Bergit, han lirkar etter“, tenkte Klokkaren. Dei sat daa enn eit Bil.
- ↑ Eg kan inkje lika honom.