Hopp til innhold

Side:Goethe Hermann og Dorothea.pdf/84

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Urania.

Utsyn.

Songmøyar, De, som er milde og holle mot heilage Elskhug,
De, som til dessa paa Vegen hev voret so trugne mot Guten
trykt honom Gjenta aat Barmen, og endaa fyrr dei er trulovad',
hjelpe De vidare fram desse tvo til aa samfesta Bandet,
jage De Skyerne av, som sanka seg kring deira Sæla!
Men lat oss vita no fyrst, kor det gjeng med deim, som er heime.

  Alt var det tridje Venda, Mori med Otte gjekk ut or
Stova, der Mennerne sat, no kom ho i Byrri aa nyo,
meinte det lagad til Uver, at Maanen daatteleg myrknad',
mælte um Sonen, som ikkje kom att, um Faaren med Natti,
lastade Venerne og, at dei berre foor heimatt aaleine,
inkje fridde fyr Guten, og inkje talad' med Gjenta.

  »Gjer det no ikkje verre, en alt det er!« sagde Faren;
»stunda ei me, liksom du, og venta paa Utgangen, me daa?«