Hopp til innhold

Side:Goethe Hermann og Dorothea.pdf/80

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
det, som han fyrst vil ha' fram og fullført etter sitt Hovud.
Difyre lat meg faa vita, kor tekkjest eg Fader og Moder?«

  Svarade so til dette den gode, gløggtenkte Guten:
»Storlege gjev eg deg Rett, du gilde greidsame Gjenta,
naar du paa Fyrehand røyner meg ut um Foreldri sitt Huglag!
Meg hev det soleides gjenget, at faafengt eg freistad' aa gjera
Far min tillags, um en eg strævad' med Huset og stellte
seint og tidleg med Garden og var i Vinhagen annig.
Mor mi skynade paa det, ho saag, hva det hadde paa seg;
henne vinner du og, og ho vil nok lika deg, naar du
stjornar i Huset og tek deg av det, som det vøre ditt eiget.
Fader er ikkje so; han likar no og det, som blenkjer.
Gode Gjenta, du fær ikkje tru, eg er kald elder hardlynd,
naar eg til deg, den framande, segjer dette um Far min.
Ja, eg sver, det er fyrste Gongen eit sovoret Ord eg
slepp ut or Munnen, som ikkje just er van med aa skravla;
men du lokkar or Barmen fram mi djupaste Tiltru.
Liten Grand Stas vil han gjerna hava, den godvorne Fader,
likar godt, at ein syner honom Høgtid og Vyrdnad.
Gjerna han kom til aa lika ein Leting, som visste og vilde
nytta dette, og saag seg harm paa ein dugande Tenar.«
Gladhjartad svarade ho, og steig so snøggare frampaa,
lett og ledugt, det tok med kvart til aa dimmast i Vegen:
»Vona vil eg, at eg tillags skal gjera dei baae;
Moder Dykkar hev myket same Haatt som eg sjølv, og
med ein vyrdeleg Tokk og Sed er eg van ifraa Smaabarn.