Hopp til innhold

Side:Goethe Hermann og Dorothea.pdf/8

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

um Orsaking fyre Vaagnaden min med aa umsetja Goethes klassiske Dikt, so sant Dugen min hadde voret lika stor som Hugen. Men so veit eg og, at den, som hev Skyn paa eit Arbeid som dette, vil vera helder mild i sin Dom.

*

Den Versformi, „Hermann og Dorothea“ er diktad i — „Heksameter“ — og som Umskrifti sjølvsagt og laut fylgja, um ho skulde faa den rette Svipen, hev i kvar Rad seks Vers-Føter (med ei lang og ei elder tvo stutte Stavingar i kvar Vers-Fot) :

Hab’ ich den Markt und die Strassen doch nie so einsam gesehen!
Ist doch die Stadt wie gekehrt! wie ausgestorben! Nicht fünfzig,
Däucht mir, blieben zurück von allen unsern Bewohnern.

No skal du aldri ha' seet korkje Torg elder Gator so tome!
Byen er mesta som sopt! som utøydd reint! Ja, eg tvilar,
snaudt nog femti er att av alle Ibuarne vaare.

*

Bilætet er etter den tyske Maalaren A. v. Ramberger.


Edvard Alme.