Hopp til innhold

Side:Goethe Hermann og Dorothea.pdf/55

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
faderleg baud han deim no halda Fred og varad' med Aalvor.
»Hev ikkje,« ropad' han, »Ulukka enno bøygt oss so myket,
at me kann læra ein Gong aa tola ein Grand av kvarandre,
laga seg ein etter annan, um just ikkje alt er so loddbeint?
Jamt er den heppne so stridvoren! Kann ikkje Uheppa enno
læra dykk ikkje aa kivast den eine Bror med den andre?
Unne kvarandre eit Rom paa den framande Grunnen og deile
det, som de hev med einannan, so finna de Miskunn, de ogso.«

  So han talad' den gamle, og alle tagde; med Tolsemd
tok so Mennerne til aa rettleida paa Kjerror og Fenad.
Presten, som vel hadde høyrt dei Ordi, som Gamlingen talad',
og gjevet Gaum paa det rolege Lag hjaa den framande Domar
gjekk so burtaat og helsad' paa honom med Vyrdnad og sagde:
»Sannlege, Fader, so lenge som Folket hev Goddagar berre,
liver av Jordi, som opnar seg vidt og breidt med Velsigning,
nyar seg kvart eit Aar med dei gode Gaavor, ein ynskjer,
daa gjeng alt av seg sjølv, og kvar er best fyre seg og
klokaste ogso; dei liva der Sida um Sida, og den, som
vitugste Mannen er, vert halden han som ein annan;
alt gjeng stillt sin jamne Gang av seg sjølv, kann ein segja.
Men kjem Naudi og øyder Livsens vanlege Vegar,
velter Huset og skamfer Kornet og Alda i Hagen,
jagar Kvinna og Mannen burt fraa dei heimlege Tufter,
driv deim i Villa ikring gjenom fælslege Dagar og Næter:
ja, daa ser ein seg um, kvar han er den klokaste Mannen,
Ordi, dei vituge, læt ikkje meir i Miss, naar han talar.