Hopp til innhold

Side:Goethe Hermann og Dorothea.pdf/54

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Halsskyrtekvardingi hev ho brett i fattige Bukkor,
drivande kvite dei linda seg ned ikring rundleitte Haka,
fritt og yndefullt lyfter seg Hovudet, finskapt og langleitt;
digre Flettor er mange Vendor kring Sylvnaaler vundne,
blaae, rukkutte Stakken rekk ned paa grannlagde Oklom,
som han sveiper seg kringum i mjuke Kast, naar ho gjenger.
Ein Ting vil eg dykk segja, og det vil eg bidja um serleg:
tale ikkje med Gjenta og letst ikkje gaa dykkar Ærend,
spyrr hjaa dei andre og frett og høyr, kva dei veit aa fortelja.
Naar de hava høyrt nog til aa hugga Fader og Moder
kome daa hegat til meg, so fær me samraa' oss sidan.
Soleids sveiv det meg no, daa me køyrde fram etter Vegen.«

  Talad' han dette. Burt imot Landsbyen Venerne gingo,
Flokkar av Menneskje staakad' der att og fram millom Husom,
inn i Hagar og Lødor, burt etter Vegen stod Vogner.
Kararne stjornade rautande Kvi og Øyken fyr Kjerra,
Kvendi vaskad' og turkade Klædi paa Buskarne kringum,
Smaaborni leikad' seg med aa sutla og vassa i Bekken.
Fram millom alle dei Kjerror, fram millom Folki og Dyri
trengde no Venerne seg, spæjad! aat høgre og vinstre,
um dei skulde sjaa likt til Gjenta, dei hadde høyrt gjetet;
ingi av alle, dei saag, vilde svara til henne, den fagre.
Verre og verre vart Trengsla. Kom der so Strid upp imillom
Menner i kringum Vognerne, Kvendi lagde seg frami,
skreik og var rædde. Daa kom der ein Gubbe stigande vyrdleg
burt aat dei stridande; Staaket lagde seg daa med det same,