Denne siden er korrekturlest
kvarv gjorde Bymuren og, vonom fyrr, og dei kvitkalkad' Torni.
Hermann høyrde no helder skjot mot den velkjende Vegen,
mote Bakken og undan, det var ikkje Tid til aa stogga.
Men daa han so fekk Auga paa Landsbykyrkja sin Tornspir,
og det ikkje var langt til Husi med Hagarne kringum,
tenkte han med seg sjølv, det var best halda Hestarne atter.

Framfyre Landsbyen laag ei vid og grasbundi Mark i
døkke Skuggar av høgvaksne Linder, som fram gjenom Tidi,
Hundrad av Aar, i denne Grunn hadde fest sine Røter.
Marki var som ein Leikvoll aat baade Byfolk og Bønder.
Fram under Treom var gravet ei Søkk med ein Brunn ned i Botnen.
Gjekk ein ned etter Troppi, saag ein Steinbenkjer kringum
Kjelda, der klaare Vatnet i eitt spratt fram; ho var kringbygd,
Kjelda, med laage Karmar, lagleg aa ausa upp utor.
Her vilde Hermann stadna i Skuggen med Øykjom og Vogni.
So han gjorde og sagde: » Vener, no kann de vera
snilde aa stiga ut og ganga aa sjaa um de finna
Gjenta, og um ho er verd den Handi, som eg hev aa bjoda.
Visst eg det trur, noko nytt kann de meg so sant ei fortelja;
rør' eg aaleine, so veit eg, eg gjekk berre beinast aat Byen,
og ho skulde, den gode, med faae Ord døma min Lagnad.
Snøgt vil de kanna henne framfyre alle dei andre;
for i Vokstren er snaudt nog ei, som kann liknast med henne.
No skal eg likavel nemna Klædnaden til ei Rettleiding:
Raude, snorsette Brjostduk rundast fagert um Barmen,
og det svarte Livstykket maatar stramt innaat Midja.