Denne siden er korrekturlest
fara og flakka, rekande gardemillom, og freista
lokka med løynske Raader ein faafaren Unggut i Garni.
Nei, nei. Den styrlause Lagnaden, all denne Ufred, som tjonar
Verdi og grunnvelter mang ein byrg og trausteleg Bygnad,
er det, som ogso hev jagat Stakars Gjenta fraa Heimen.
Rek ikkje høgættad' Stormenner heimlause, naudkomne kringum?
Fyrstar flya forklædde, Kongar lyt landlyste liva.
So er og ho, det veit eg, den beste av Systerne sine,
jagad or Heimen; og haattlaus um Ulukka si berre vil ho
vera dei andre til Nyttes, utan Hjelp er ho hjelpsam.
Stor er Sorgi og Naudi, som breider seg ut yver Jordi;
kunde 'kje Heppa ogso gro fram or alt dette Uhapp,
kunde 'kje eg hjaa mi trufaste Festarmøy, Brudi mi eigi,
fegnast av Ufreden, lika som De fekk Fagnad av Branden!«

Mesta undren tok Faderen frami og svarade: »Son min,
meiner eg ikkje, at Tunga di losnad' med ein Gong i Munnen,
der ho i aarevis berre laag stille og traudom vart brukad!
No fær eg røyna til Gagns det, ein Fader ymist lyt tola:
Sonen sin hugsterke Vilje fær Studnad hjaa Mori dihelder
altfor myket, og kvar ein Granne giv Medhald, han ogso,
kann dei so sant faa setja Faren og Mannen til Sida.
Men eg vil 'kje til Unyttes standa imot dykker alle.
Anna det vert ikkje her en Taaror og Traaskap, det ser eg.
Gange og freiste og kom so med Dotteri hegat i Guds Namn;
lukkast det ikkje, so lyt han sjaa, at han Gjenta kann gløyma.«