Hopp til innhold

Side:Goethe Hermann og Dorothea.pdf/49

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Att og fram gjekk Tankarne daa; so hi og so denne
Gjenta etlad' me honom so som Foreldri kann svalla.
No er han komen, den Dagen; no heve Himmelen sjølve
synt honom Brudi og ført henne hit, og hans Hjarta hev Vissa.
Var det 'kje so me alltid sa': han sjølv skulde velja?
Ynkste du ikkje, han maatte finna ei Gjenta, han kunde
hugleggja djupt og varmt? No er ho komi den Stundi!
Ja, han hev huglagt og valt og stend som ein Mann paa si Avgjerd.
Gjenta, den framande, er det, ho, som han møtte paa Vegen.
Giv honom henne; for annars, han svor, vert han verande ugift.«

  Sagde so Sonen: »Ja, Fader, giv meg henne! Sjaa grannvart
valde mitt Hjarta og trygt; De fær ikkje hævare Dotter.«

  Faderen tagde. Men snøgt reis Presten upp og tok Ordet
»Alltid er det no berre Augneblinken, som raader
baade fyr Mannsens Liv og Lagnad; for endaa han lenge
grunar og tenkjer seg um, so vert daa Raadgjerdi sidstpaa
Augneblinken sitt Verk, og daa skal det Vit til aa velja.
Faarlegt vert det aa vægja og attrast fyr alle Slag Avsyn,
eitt og hitt og mangt, som berre Kjensla forviller.
Rein er Hermann; fraa Barn eg kjenner honom, og aldri
rette han Handi so etter eitt, so etter eitt anna.
Det, som han ynkste, det maatade honom, og det heldt han fast paa.
Ver ikkje undrug og rædd, um no det syner seg braadleg
det, som De lenge hev ynskt. I Vissa hev Syningi ikkje
no den Svipen og Hamen, som helst De vonad' kann henda.