Hopp til innhold

Side:Goethe Hermann og Dorothea.pdf/30

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
berre gjera; og medan lyt Faderen sakna ein Son, som
helder gjekk framun dei andre i Byen til Æra fyr Far sin.
Moder mistok seg og med tome Voner, daa tidleg
ei du vann fylgja dei andre paa Skulen i Lesing og Skriving,
jamvel so laakt det deg gjekk, at stødt du vart sitjande atterst.
Visseleg kann det 'kje anna verta, naar sjølvminnte Æra
vantar i Barmen, og Guten ikkje vil høgare stiga.
Hadde min Fader sytt fyre meg, so som eg heve sytt fyr
deg, og haldet meg Lærar, og kostat Skulegang paa meg,
ja, daa vøre eg meir en Vert i »gullgyllte Løva.«

  Sonen reis ifraa Sessen og gjekk so utar aat Dyrri,
stille og utan Staak, men Faderen ropade uppøst
etter honom: »Ja, berre gakk burt, eg Stivnakken kjenner!
Gakk, tak Vertskapen berre, og stjorn so eg slepp aa skjella;
men, tenk aldri paa til Sonarkona aa taka
inn i Huset ei Taus, ei sovori Fyrkja fraa Landet!
Lenge heve eg livt og veit med Godtfolk aa stella,
veit aa laga det fint aat baade Herrar og Damor,
so at dei alle vert nøgde, veit Framandkaren aa fegna.
Men so vil eg daa hava ei Sonarkona, som ogso
gjæter mitt Ynskje og yndefullt modar meg upp etter Slæpet;
spela ho skal fyre meg paa Klaveret; dei gildaste, fremste
Folk uti Byen skal samnast hjaa oss med Fagnad og Hyggje
Sundagen, liksom dei ha' det i Huset hjaa Grannen.« Daa trykte
Sonen so sagte paa Klinka, og tagall han gjekk ut or Stova.