Hopp til innhold

Side:Goethe Hermann og Dorothea.pdf/27

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
og so er det so gildt, naar med Kona, ein lengtade etter,
Korgjer koma i Huset og Kistor, fulle av Gaavor.
Ei fyre inkje det er, at Moderi vev gjenom Aari
myket Linan av sterke og fine Slag aat si Dotter.
Ei fyre inkje Faddrarne gi' henne Sylvstas, i medan
Faderen gøymer i Skaapet den sjeldfengde Pening av Gull; for
ein Gong skal ho med desse Gaavor og Midlarne sine
fegna den Guten, som henne hev valt framfyr alle dei andre.
Ja, eg veit, kor ei Kona trivst og hyggjest i Huset,
naar ho i Kjøk og i Stova sin eigen Bunad finn atter,
Sengi, ho sjølv heve reidt, og Bordet, ho sjølv heve dukat.
Berre ei sovori havande Brud vil eg skoda i Huset;
for den fatige vert daa sidstpaa vanvyrd av Mannen,
Tenestetaus vert ho verande, Tausi, som kom med sitt Knyte.
Alltid er Mannslyndet hardsett, Elskhugstiderne kverva.
Ja, min Hermann, kor vilde din gamle Fader du fegna,
naar du no snart meg førde ei Sonarkona i Huset,
Gjenta fraa Grannelaget, fraa Huset det grøne der burte.
Rik er Mannen i Vissa; Handelen hans og so Verki
auka Rikdomen jamt, kvar er det ei Kjøpmannen vinn, tru?
Berre tri Døtter han eig; dei skifta hans Midel aaleine.
Alt den eldste er burtlovd, det veit eg, men baade den andre
og den tridje er enno fal, kor lenge veit ingen.
Vør' eg i Staden din, ja, longo eg hedde daa boret
ei av dei Gjentorne heim her, so som eg bar henne Moder.«

  Varlaaten svarade Sonen so den nærsøkne Fader: