Hopp til innhold

Side:Goethe Hermann og Dorothea.pdf/23

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
men eg fekk attaat det baade Mat og ymseslag Drikkan,
so eg hev Nøgdi av Føring i Romet her uppi Vogni.
No hev eg Hug likavel aa leggja i Henderne dine
dette med, so endest mi Ærend paa rettaste Maaten;
du vil skifta med Skyn, eg laut fulla giva i Blinda.
Gjenta svarada so: Ja, raaka dei naudkomne trur og
vonar eg visst, og fegnast dei skal yver Gaavorne Dykkar.
Talad' ho soleides. Snøgt eg opnade Romet i Vogni,
fram kom Skinkorne daa, dei store, og Braudet, og Flaskor
baade med Vin og med Øl, eg gav henne alt det, eg hadde.
Gjera hadde eg meir henne gjevet; men tømde var Romi.
Alt ho jamnade til ned med Fotom hjaa Barnsengjarkona,
foor so vidare fram, eg køyrde tilbake til Byen.«

  Daa no Herman heldt upp, tok snakksame Grannen vaar frami
snøgt og ropad': »Aa, heppen er han, som i Tider som desse
liver aaleine i Huset, med' alt er Flugt og Forfjatling,
han, som ikkje hev Kona og rædde Smadborni kring seg.
Heppen kjenner eg meg; og ikkje fyr alt det, som til er,
vilde eg no nemnast Far og syta fyr Kona og Smaaborn.
Longo kom eg i Hug denne Flugti og pakkad' dei beste
Eignaluter i Hop, dei gamle Gullstykki etter
Mor mi, Gud have Saali! Inkje det minste er burtselt.
Endaa laut fulla mangt liggja att, som ein ikkje so lett fær
kjøpa. Ja, Bøter og Urter, sankad' med ovmyki Møda,
vilde eg traudom missa, um ikkje dei kosta so myket.
Vert berre Fullmegti atter, so fer eg sutelaus heiman.