Hopp til innhold

Side:Goethe Hermann og Dorothea.pdf/22

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


  Soleides sa' ho, og Kona lyfte seg litt upp aa Halmen,
skodade bleik burtaat meg; eg svarade daa: Ja, med Sanning
talar det tidom ein himmelsk Ande til deim, som er snilde,
so at dei kjenna Naudi, den arme Broder skal røyna;
dette gav Moder meg med, ho kjende det fyreaat paa seg,
at ho skulde faa klæda den nakne, turvande Naudi.
Og eg løyste upp Bandet um Knytet, og gav henne Far sin
Slaaprokk, og gav henne Skyrtor og det, som eg hadde av Linan
Og ho takkad' med Fagnad og sa: Den Velfarne trur ei,
Under ein enno kann sjaa, for berre i Naudi ein røyner
Gud si Hand, som leider godt Folk aa gjera det gode.
Det, han ved Dykk gjer mot oss, gjere han mot Dykker sjølve.
Heppi ho var den sjuke, daa ho fekk taka paa Ploggi,
serlege daa ho fekk kjenna den mjuke Slaaprokk-Flonellen.
Sa' so til henne Gjenta: Skunda oss vil me aat Byen,
Folket vaart stadnar der og kviler i Natt til i Morgon,
der skal eg snøgt faa istand alt Barnety, som me lyt hava.
Og so helsade ho og takkad' med Tunga og Hjarta,
yppade Uksarne; gjekk so Vogni. Men eg vart endaa
standande stille med Hestom; for tvihugad var eg i Hjarta,
anten eg no skulde fara som fortast aat Landsbyen sjølv og
freista og skifta Maten og Drykken ut millom Folki,
elder gi' Gjenta det med, at ho kunde deila det skynsamt.
Snøgt eg tok mi Raad i mitt Hjarta, og køyrde so lagom
etter henne, og naadde 'ne snart, og talade soleis:
Gode Gjenta, ikkje gav Moder meg einaste Linan
med paa Vogni, at den, som naken var, kunde klædast,