Hopp til innhold

Side:Goethe Hermann og Dorothea.pdf/16

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
alltid lagleg til Bruk, for alt er tarvlegt og nyttugt;
no aa sjaa alt ihop paa ymseslag Kjerror og Vogner
slengt som det best kunde falla seg, bergat med Ovhast og Otte.
Uppaa Skaapet ligg Saaldet, og der ligg Aaklædet; men i
Bakster-Troget ligg Sengi, og Lakanet breidt yver Speg'len.
Nei og nei! Og Faaren tek Vitet reint ifraa Mannen,
so som me sjølve saago ved Branden tjuge Aar sidan,
triv ein daa helst det, som ringt er, og læt det dyraste liggja.
Soleis sleit dei her og, med vitlaus Umsut og Trott paa
daarlege Ting, som tyngde hardt baad' Hestar og Uksar,
gamle Fjøler og Bidne, Fuglebur, Gaashuset ogso.
Kvende og Smaaborn stynjande, slæpande Byltarne tunge,
Korgjer og Byttor fulle av Ting, som det ikkje var Gagn i;
Mannen gjeng daa so naudlege fraa det sidste, han eiger.
Soleides foor den flokutte Ferdi paa dumbutte Vegen
skipnadslaus og fortullad. Med klenare Dyr vilde sume
fara i Make, ein annan med sterkare fara som fortast.
Sette det i med ein Kvin fraa klembde Smaaborn og Kvende
og ei Beljing av Feet, med millom Gøying av Hundar,
og ei Anking av gamle og sjuke, som saato og rigad
høgt i Lufti paa Sengjer upp aa dei ovleste Vogner.
Trengd utor Faret glatt burtaat Vegbarden knerkande Hjulet,
valt so Vogni utfyre, og Folki med skjerande Illskrik
svingdest langt ut i Lufti og fall burt i Graset som vel var.
Etterpaa sturtade Kistorne, dei datt nærare Vogni.
Den, som saag, kor det foor, han ventad i Vissa aa finna
Stak'rarne knust under ovtunge Skaapi og alle dei Kistor.