Denne siden er korrekturlest
Kalliope.
Lagnad og Medhug.
No skal du aldri ha' seet korkje Torg elder Gator so tome!
Byen er mesta som sopt! som utøydd reint! Ja, eg tvilar
snaudt nog femti er att' av alle Ibuarne vaare.
Aa, kor forviten ein er! No strjuka baad' store og smaae,
alle skal sjaa denne grøt'lege Ferd, desse avrekne Stak'rar.
Fjordungen er det vel alltid aat Storvegen ned, der dei fara,
dit skal ein stroka i Dumba midt aa heitaste Dagen!
Nei um eg lettar meg upp ifraa Benken ein Gong til aa sjaa dei
arme, avrekne Folk, som no med det, dei fekk berga,
skunda seg burt fraa det fagre Landet hi Sida Rhini,
koma hityver til oss og draga fram etter Dalen
gjenom dei grorsame Grender i denne hepp'lege Kringen.
Gildt var det gjort av deg, du Kona, at visleg du sende
Son vaar med gamalt Linan og eitkvart av Mat og av Drikkan
til dei fatige Folk; for den Rike er skyldig aa giva.
Nei, kor den Guten kann køyra! Han tøymer Hestarne, Karen!