Side:Garborg - Vor Sprogudvikling.djvu/47

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent

Minnekvad um Ivar Aasen.

(Skrive til ein Fest i Vestmannalaget. Her gjenomset og prenta i si rette Form.)
Tone: »Yderst mod Norden«.

Trøytt naar Soli ho gjeng i Hav
Stridsmann søkjer sitt Svæve;
sæl no søv under Hovustav
Ivar Aasen hin gjæve.
Minne vil vaka ved denne Grav
   i all Æve.

Lang var Dagen og Vinna vand;
djup var Grunnen aa grava;
alt laag nedvelt i Aur og Sand;
tungt maatte Mannen kava,
fyrr han naadde det me og han
   vilde hava.

Ràm han rudde i Yrde stygt,
reiv baade Rot og Runnar,
til ein Dag han fekk Huse bygt
just paa dei gamle Grunnar.
Der skal det staa i Tiderne trygt
   millom Lundar.