Side:Garborg - Vor Sprogudvikling.djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
— 44 —

mest aldri fær høyra skikkeleg Norsk; fær dei høyra den, og merka, at det er eit livande Maal og ikkje berre noko som »Aasen hev laga,« so vert det snart annleis; for sjelden raaka eg eit Bymenneskje, som ikkje lika aa høyra norskt Bygdemaal. Det er i Grunnen med Byfolk som det er med oss fraa dei mindre gode Maalbygder: inst inne hev dei ein Saknad etter det som er fulltonande norskt. So me vil koma lenger paa denne Maaten en med aa slaast i Bladi og »koma or Bøker med Grunnar«; der er nok meir god Vilje til Norskdom en det tidt kan sjaa ut til.

Lat norsk Tale breida seg yver By og Bygd, so kjem nok det andre! Og daa vil det, som no mest er eit Ynskje, Vonom snarare klinga som eit Siger-Rop fraa Landsende til annan:

Ingen Maalstrid meir!