Side:Garborg - Vor Sprogudvikling.djvu/45

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
— 43 —

vert daa vaart næste Krav. Men vaar Glede er aa søkja fram — ikkje det utskjemde elder forvende, helder ikkje dei skiljande Smaating i vaare Bygdemaal, men just det beste og ægtaste, det upphavlege og verdfulle; det er det av »vaart eige,« me helst vil sjaa att i Landsens Maal. For denne nationale Tenkjemaaten vert det daa noko framandt og rart dette, at Austland og Vestland ikkje skulde kunna semjast um ein a elder ein e i ei Landsmaals-Ending; me forstend det ikkje; det er som Tale fraa ei framand og mindre Tid, fraa Smaakongetidi, daa dei sa »Vanvit!« til Tanken um aa samla Norig.

Me skal altso, meiner eg, halda fram som me stemner. Lata Bokstavar vera Bokstavar og skriva norskt, kvar ut fraa sitt Bygdemaal, og etter den same Skrivemaaten so vidt me med godo kan. Vaare tvo Bokmaal fær daa veksa jamsides, so lengje Lande hev tvo Talemaal; — for det er Talen, som skaper Skrift, og ikkje Skrift Tale.

Aa halda den norske Talen uppe er daa av alle Grunnar det vigtigaste.

Meir en um du skreiv ei heil Bokhylle full kan du gjera for det norske Maal, berre du altid talar det, hugheilt og greidt. Den Skikken, som no meir og meir kjem upp, at Landsfolk held paa Maale sitt i Byen med, og um dei vert Lærarar elder Embættsmenn, den er det no, som gjev størst Von for Norsken. Grunnen til, at det gjeng so seint med aa fornorska Byarne, er den, at Byfolk